FOTO: Fredrik Refvem
Rogalendingar kan gle seg over at det ikkje kjem nedbør før helga, men det vil framleis vera kaldt.
AV: charlotte steine
Minusgradene vil vara nokre dagar til.
- Det skal ikkje koma nedbør fram til og med fredag. Midt på dagen kan temperaturen krypa over null i sola, men det som tinar frys att om nettene, seier vakthavande meteorolog Ivar Hjellestad på vêrvarslinga til Meteorologisk institutt.
Temperaturen skal liggja på mellom ein og fire kuldegrader fram til fredag. Til helga vil det verta mildare.
- Snøen vert nok liggjande dei fyrste dagane. Det er usikkert om regnet som kjem i helga er nok til å få snøen til å forsvinna, seier Hjellestad.
I helga vil temperaturen liggja på mellom to og fire plussgrader. Ifølgje meteorologen vil nedbøren koma som regn i låglandet, men det kjem ikkje store mengder.
- På laurdag skal du ikkje så langt opp i lia før nedbøren kjem som snø. Dermed vert det perfekt skiføre på søndag med litt nysnø på toppen av det gamle laget. I Stavanger og Sandnes vil nedbøren sannsynlegvis koma som regn eller våt snø. Laurdagen vert grå, men søndag kan verta fin, seier Hjellestad.
Opphald og overskya med frisk bris på kysten.
Stort sett opphald, litt snø, regn på kysten. Sørleg bris og periodevis kuling på kysten.
Kommentarer