Frå Oftedal til Birkedal

Politiske skandalar har me hatt før. Dei skaper mykje støy, men forandrar sjeldan politikken.

Publisert: Publisert:

  • Kommentar
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Stavanger er for tida oppskaka av ein politisk sexskandale.

Det har skjedd før. Ingen skulle vita det betre enn oss i Aftenbladet. For Aftenbladet vart i si tid grunnlagt på tuftene av ei liknande, men for samtida langt meir sjokkerande hending.

Presten, politikaren og redaktøren Lars Oftedal var frå 1870-talet og utover Stavangers mektigaste mann.

Så slo lynet ned. 1. november 1891 stod Oftedal fram i kordøra i Petrikirken og vedkjende at han hadde gjort seg skuldig i «usædeligt forhold». Han gjekk ikkje i detaljar, og ingen, heller ikkje biograf Berge Furre, har seinare kunna gjera nøyaktig greie for kva det «usædelige forholdet» bestod i. Men Oftedals fiendar, og blant dei var slike folk som Alexander Kielland, Arne Garborg og Knut Hamsun, gjorde det i alle fall ikkje mindre enn det var. Det gjorde heller ikkje folkesnakket.

«Fallet» i 1891 skandaliserte Lars Oftedal. Han måtte gå frå alle sine verv. Men mindre enn to år seinare var det duka for comeback. 1. september 1893 kom første nummer av den nye avisa Stavanger Aftenblad ut, i ein by med fire aviser frå før. Redaktør: Lars Oftedal. Resten er historie.

Kva kan me læra av dette? Jo, for det første at skandalar ikkje er noko nytt. Og for det andre at ein skandale ikkje alltid betyr slutten.

Det ser unekteleg stygt ut for Trond Birkedal nå. Men dei som slår fast at han er politisk død, bør pløya gjennom gratulasjonslista på Facebook-sida hans. Birkedal fylte nemleg 31 år på tysdag, dagen etter at det vart kjent at han var pågripen og sikta. Hundrevis av vener uttrykkjer sympati og oppmuntrar han til å visa styrke og stå på. Det var før dei mest alvorlege skuldingane hadde kome fram, javel, men det fortel at også eit skandaleoffer har sine støttespelarar, som når tida er moden kanskje kan hjelpa han til å reisa seg att.

Ein annan Frp-politikar, Terje Søviknes, har i alle fall klart seg brukbart etter at han i 2001 måtte gå som nestformann då det vart avslørt at han hadde hatt sex med ei 16 år gammal jente under eit ungdomspartiarrangement. Moralen og dømmekrafta kunne det seiast mykje om, men Søviknes heldt seg i alle fall på rett side av lova. Og ikkje minst, hans eigne slo ring om han. I første val etter skandalen fekk Frp nesten halvparten av stemmene i heimkommunen Os.

Jan Birger Medhaug, derimot, kom aldri tilbake i politikken trass i at fylkestoppen i Rogaland KrF vart fullstendig reinvaska for valdtektsskuldingane frå ein tidlegare kjærast.

Økonomisk rot og regelbrot har også fått så forskjellige konsekvensar. Sp-leiar Åslaug Haga gjekk etter å ha blitt hardt pressa på grunn av ulovleg utleige av eit stabbur, partifellene Magnhild Meltveit Kleppa og Liv Signe Navarsete overlevde uklarerte mottak av armband og gullklokker. Den kanskje mest dramatiske skandalen i nyare tid var Gerd-Liv Vallas fall. Den mektige LO-leiaren kunne ikkje stå imot stormen etter påstandar om trakassering av medarbeidaren Ingunn Yssen.

Det er ikkje lett å sjå eit mønster i dette. Men på same måten som ei regjering kan fellast på ei fillesak dersom det er ein «situasjon», og koma unna med det utrulege dersom ho har eit trygt fleirtal i ryggen, kan også skandalar ramma ulikt. Den som er populær og har mektige venner, står lettare imot. Dei afghanske teppa som Jonas Gahr Støre lånte med seg heim vart aldri nokon skikkeleg skandale.

Men om skandalar har tatt knekken på enkeltpolitikarar, finst det knapt eit einaste eksempel på at ein skandale har ramma partiet til den skandaliserte politikaren. Ennå er det slik at dei fleste vel parti ut frå meir grunnleggjande verdiar eller økonomiske interesser, og livet har vel lært oss at moral og umoral er ganske jamt fordelt over partigrensene.

I enkelte tilfelle kan skandalar faktisk ha verka positivt. I eit parti som Frp, som lenge har dyrka outsider-rolla og motstanden mot det etablerte, kan slike saker lett styrkja inntrykket av at «alle er imot oss». Dermed slår ein sterkare ring om sine eigne.

Slik sett er det paradoksalt at skandalane – sjølv om dei alltid har vore der – tilsynelatande tek meir plass i det politiske livet og i media enn før. Terskelen er blitt lågare, overvakinga tettare, temperaturen høgare.

Utviklinga har sikkert mange årsaker, men ein kan spørja seg om dette er ein utilsikta effekt av at partipressa er borte og at avisene i dag i stor grad blir redigerte etter ein felles «journalistisk» ideologi der vaktbikkjefunksjonen står sentralt.

I eit slikt system er det for det første sjeldan nokon som føler seg kalla til å forsvara «sin» politikar når eit feiltrinn blir avslørt. Sjølv relativt små saker kan dermed utvikla seg til det medieforskaren Sigurd Allern kallar eit «mediedrev» der alle spring i same retning.

Viktigare er likevel at politiske journalistar og kommentatorar sjeldan vinklar artiklane sine frå ein tydeleg verdiståstad. Det verkar uprofesjonelt. Men dermed blir det også vanskeleg å analysera innhaldet og kvaliteten i politiske standpunkt, for ikkje å snakka om å levera meir fundamental systemkritikk. Moderne politisk journalistikk er på tryggare grunn når han konsentrerer seg om spelet og det politiske handverket, med skandalane som tidvise høgdepunkt. Og dei handlar aldri om politikkens innhald, men om personleg umoral eller brot på «spelereglane».

Det gode ved dette er at rotne eple blir plukka ut av sekken, og at brutale avsløringar kan verka avskrekkande på svake sjeler. Systemet gjennomgår stadige og nødvendige reinsingar, samtidig som dei grunnleggjande premissa for politikken ikkje blir utfordra. Slik verkar dagens journalistikk til å halda politikarane på den smale vegen – i dobbel forstand.

Publisert:

Energikommentar

  1. Sex, løgner og ein videosnutt

  2. Trond Birkedal følte nesten han var utru mot den han  ein gong var då han ikkje stemte Frp for første gong

  3. Han leia Høgres valkamp: – Folk vil ha informasjon og innhald, ikkje bare kritikk av dei andres politikk

  4. Ansvaret for å unngå seksuell trakassering, og for å bera ubehaget av det, vil alltid liggja hos nokon. Det forsvinn ikkje

  5. KrF: Velsigna uavklart før valet 2017

  6. – I helga var det val i Tsjekkia, valresultatet fortel fleire historier

  1. Energikommentar