Hetebølgjer gjer verda sitt matfat mindre

Tørkeproblem og hetebølgjer vil gje store problem for matproduksjonen i dei varme delane av verda. Viktige matvarer er ikkje tilpassa så høge temperaturar som dei me vil få framover, seier direktør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret.

Publisert: Publisert:

Hetebølgjer som dei me har sett i Frankrike, reduserer avlingane med 30 prosent, fortel direktør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret. Foto: REUTERS/Jean-Paul Pelissie

  • Turid Furdal
    Journalist
Denne artikkelen er over syv år gammel

Den globale oppvarminga vil merkast også i Norge. Eit våtare og meir ekstremt vêr vil bety større rasfare mange plasser. Det er likevel i dei varmare delane av verda at Eystein Jansen ventar dei mest alvorlege konsekvensane.

Grunnen er at temperaturen på landjorda vil bli endå høgare enn den gjennomsnittlege globale temperaturauken, og vil i snitt liggja 1-2 grader over. Det betyr at om den globale oppvarminga i snitt aukar med 2 grader, så vil temperaturen stiga med 3-4 grader mange stader. Eller meir, på grunna av lokale variasjonar eller vêrfenomen.

— Ein temperaturauke på 3-4 grader vil gi alvorlege tørkeproblem og hetebølgjer i alt utsette område, seier Jansen. Dette meiner han blir svært alvorleg fordi temperaturen vil stiga til over det som viktige matvarer tåler.

Utsett matproduksjon

I India har kveite alt bukka under for høg temperatur enkelte stader. Ris og hirse får også sterkt nedsett produksjon ved sterke hetebølgjer.

— Matproduksjonen vil vera veldig utsett, til dømes i Sør- og Aust-Europa. Hetebølgjer som dei me har sett i Frankrike og Russland, reduserer avlingane med 30 prosent. Dette kan framover ramma matproduksjonen generelt i dei tropiske og subtropiske områda i Afrika, Asia, Latin-Amerika og deler av Australia, seier Bjerknes-direktøren.

Flaumar er også eit aukande problem. Det same gjeld havstiging, men dette verkar saktar, og vil først bli eit større problem i andre halvdel av dette hundreåret, ifølgje Jansen.

Smelta sjøis

I Arktis får også tilbakesmeltinga av sjøisen store konsekvensar. Både arealet som er dekka av is og det totale isvolumet i nord er nå mindre enn på same tid i rekordåret 2007. Om det blir ny rekord, det vil visa seg når Nordpolen som vanleg er på sitt minste i september.

Medan skipsfart og petroleumsnæring gler seg over tilgang til nye område, er mange klimaforskarar svært bekymra for konsekvensane av issmeltinga. Mindre sjøis reflekterer mindre av innstrålinga frå sola, og kan dermed komma til å forsterka den globale oppvarminga. Men forskarane kan ikkje fastslå nøyaktig kva effekt meir svart hav vil ha på klimaet.

Publisert: