Bilisten betaler seks gonger meir

Som bilist betaler du 384 kroner i avgift for kvart tonn CO2 du slepper ut. Oljeindustrien betaler 59 kroner tonnet.

Publisert:

CO2-avgifta for oljeindustrien er for låg og må aukast slik at oljeindustrien får tilstrekkeleg insentiv til å slutta å forureina, seier Kari Elisabeth Kaski i Zero. Foto: Colourbox/Fredrik Refvem

Turid Furdal

Oljå slepp billegare unna fordi CO2-avgifta er lågare og fordi dei kan skriva av avgifta på skatten, seier miljøorganisasjonen Zero.

— Det er urimeleg at oljeindustrien som slepp ut aller mest CO2 i Norge slepp unna med ei langt lågare CO2-avgift enn den jamne bilist, seier politisk rådgjevar Kari Elisabeth Kaski i Zero.

Ho viser til at ein vanleg bilist som kjøper bensin, må betala 384 kroner i avgift per tonn CO2 som blir sleppt ut. Har du dieselbil, kostar det deg 225 kroner for kvart tonn CO2 som går ut i atmosfæren. Når oljeindustrien slepper ut nøyaktig same mengde CO2, er prisen mindre enn ein sjettedel av det bilisten med bensinbil betaler: 59 kroner tonnet.

Oljeindustrien og vegtransporten er to av verstingane i Norge når det gjeld nasjonale klimagassutslepp. Oljesektoren står for ein fjerdedel av dei totale CO-utsleppa og vegtransporten for rundt ein femtedel av utsleppa her i landet.

OLF: Den næringa som betaler mest

Informasjonssjef Tom Gederø i Oljeindustriens Landsforening (OLF) seier i ein kommentar at norske styresmakter får ta seg av avgiftsnivået for bilistar i forhold til bensin og diesel.

— Men samanlikninga mellom privatbilisme og olje- og gassverksemda blir noko søkt. Det er meningslaust å samanlikna kostnader ved klimagassutslipp for enkeltpersonar med tilsvarande kostnader i næringslivet. Alle næringslivsaktørar kan trekkja frå kostnader på skatten med den same rate som dei betaler i skatt. Husk at nær ni av ti oljekroner går til staten.

— Oljeindustrien er den næringa som betaler desidert mest for CO2-utsleppa sine. I tillegg er norske oljeindustri som den einaste i Europa underlagt både kvotesystem og CO2-avgift.

Gederø legg til at miljørørsla presenterer denne typen reknestykke og framstillingar med jamne mellomrom, og karakteriserer dette som eit «kuriøst utspel».

Zero: For billeg

Zero er opptatt av at dagens nivå for CO2-avgift for oljå er for lågt til å få ned utsleppa i oljesektoren.

— CO2-avgifta for oljeindustrien må aukast slik at oljeindustrien får tilstrekkeleg insentiv til å slutta å forureina, uttaler Kaski.

Som fleire miljøorganisasjonar tar Zero til orde for at CO2-avgifta må aukast kraftig og gå inn i eit øyremerka klimatiltaksfond, etter modell av NOx-fondet. Også SV, Senterpartiet og deler av Ap støttar eit slikt fond, medan Finansdepartementet går mot ei øyremerking av pengane. OLF er for eit fond, men mot å auka CO2-avgifta.

Frådrag for CO2-avgifta

Slik har Zero komme fram til prisen på 59 kroner tonnet for oljeindustrien:

CO2-avgifta på sokkelen er på 209 kroner tonnet for naturgass. I tillegg må industrien kjøpa klimakvoter for utsleppa sine i det europeiske kvotesystemet. Der er prisen for å sleppa ut eitt tonn CO2 i dag i underkant av 60 kroner (desember 2012). Total utsleppspris for ein oljeinstallasjon blir dermed på 268 kroner tonnet for naturgass.

Men: Oljeselskapa har skattefrådrag på 78 prosent for CO2-avgifta. Dermed blir den reelle kostnaden for å forureina på 59 kroner tonnet for naturgass. Det er naturgass som står for dei aller største klimagassutsleppa i oljeindustrien. For CO2-utsleppa frå diesel, er prisen 53 kroner tonnet i petroleumsnæringa.

Kor mange km er eit tonn CO2?

Kor langt må du som bilist køyra for å komma opp i eit tonn CO2?

Svaret er 7400 kilometer. Talet har me komma fram til ved å gå ut frå gjennomsnittleg utslepp for ein ny bil i januar 2012, som var på 135 gram CO2 per km.

Avgifta som går til statskassen når du kjøper bensin eller diesel er delt i fleire deler. Den delen som gjeld forureining skal virka som eit påtrykk for å redusera utsleppa av CO2. Ein annan del er vegavgift, som kjem i tillegg til CO2-avgifta.

Følg oss på Twitter.com/AenergiNO

Publisert: