Meir norsk skipsbygging i Vietnam

Det nye verftet til STX for bygging av offshoreservice skip ligg like ved den store oljebasen i Vung Tau.
STX har rekruttert tilsette til skipsverftet frå heile Vietnam. Landet har lang tradisjon for skipsbygging.
Adm. dir. ved STX OSV sitt verft i Vietnam, Roger Vassdal til venstre og prosjektdirektør ved same verft , Bernhard Hansen.

Ved badestranda i vietnamesiske Vung Tau veks det fram ei skipsbyggjingsverksemd som har store ambisjonar i Norge og for Norge.

  • Thomas Førde
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

I Vietnams oljehovudstad, Vung Tau, har verftsgruppa STX OSV under norsk leiing utvikla eit moderne skipsverft med over 700 tilsette.

STX OSV-konsernet, med fem skipsverft i Norge bestemte seg i januar 2007 for etablering i Asia.

-Vietnam blei vald fordi dette er eit land med aukande offshoreaktivitet, eit land med mange unge menneske, samtidig som landet har tradisjon og røynsle frå skipsbygging, seier Roger Vassdal.

Aker og STX

Vassdal er leiar for det nye verftet i på den den varme stranda like ved oljeservicebasen i Vung Tau. Byen er samtidig ein populær bade— og ferieby for innbyggarane i storbyen Ho Chi Minh (Saigon), knappe 15 mil unna. I 2007 starta bygginga av det nye verftet. Dette blei sett i gong medan Røkke og Aker kontrollerte eigarsida i verftsgruppa, som då heitte Aker Yards. Verftet blei bygt ut samtidig som ein var i gong med første skipsbyggingskontrakten.

Ni skip

Det første skipet blei overlevert i 2010. Skip nummer fem blei nyleg ferdig og er ein del av kontrakten på seks like ankerhandteringsfartøy til Aker DOF Deepwater. Det siste skipet i denne serien skal stå ferdig i mars neste år. Samtidig har verftet starta på ein ny serie av tre forsyningsskip til reiarlaget Farstad i Ålesund. Bygg nummer fire frå Vung Tau-verftet, "Skandi Saigon" har vore på jobb i Nordsjøen.

Utfordringar

— Me prøver oss fram litt forsiktig med å byggja enklare skip i starten. Me legg dessutan vekt på å halda god framdrift og greier å gjera ferdig skip med konkurransedyktig leveringstid, seier Roger Vassdal. Etter det Aftenbladet forstår blir byggjetida i Vietnam om lag tre månader lenger enn i Norge. Vassdal peikar på at røyrleggjararbeid og elektroinstallasjon har vore den mest utfordrande delen av opplæringa på verftet.

Vassdal seier vidare at hittil er det meste av tekningar laga i Norge, men at dette er noko ein vil prøva å ta meir hand om lokalt. Sjølv om skipet blir bygt fullt og heilt i Vietnam er ein stor del av utstyrt om bord henta frå Norge.

Ekspertar til sjølvhjelp

15 utstasjonerte frå Norge arbeider nå ved verftet i Vung Tau. - Me ser at vietnamesarane etterkvart greier seg meir sjølve. Det viktigaste for oss er å læra dei opp til å bli sjølvstendige og mellom anna sjå til at det blir innført gode system for kvalitet og økonomistyring, seier Vassdal., som legg til at vil ta ei stund før vietnamesarane driv verftet heilt på eiga hand.

Utdanning

Utdanning og rekruttering er to nøkkelord for utviklinga av verftet i Vietnam. Dei tilsette kjem frå heile landet. Nokre har ingeniørbakgrunn. Rekruttering av sivilingeniørar er ei større utfordring. Her er konkurransen med oljeindustrien også stor, seier Roger Vassdal. Han legg til at ein legg stor innsats i internopplæring kor ein også har fått opplæringsstøtte frå Norad. Internopplæring skjer innan dei ulike fagdisiplinar i skipsbygging, men og i engelsk, administrasjon og forhandlingsteknikk

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ny gnist hos Viking-spillerne: – De har full kontroll nå

  2. – Vi sitter her og fryser. Politikerne har ikke bakkekontakt

  3. Det blir mer snø i Sør-Norge - farevarsel om stiv kuling og storm flere steder langs kysten

  4. Knut Arild Hareide flytter til Rogaland

  5. I kveld kan Herrem være med på norsk VM-historie

  6. Bertelsen & Garpestad gikk for storstilt julebord: - De ansatte fortjente det