Solheim raslar med klima-sabelen

— Ingen av planane for klimakutt frå andre parti eller miljøorganisasjonar gir store nok reduksjonar til å nå dei norske klimamåla, seier miljøvernminister Erik Solheim.

Publisert: Publisert:

Bevaring av skog vil vera eit viktig klimatiltak så lenge ein ikkje brukar det til å juksa, seier miljøvernminister Erik Solheim

  • Turid Furdal
    Journalist
Denne artikkelen er over åtte år gammel

Han sikta mellom anna til opposisjonspartia KrF og Venstre sine forslag til klimamelding.

Det var ein offensiv miljøvernminister som i formiddag innleia eit klimaseminar i regi av Norges Naturvernforbund.

— Omfattande tiltak i alle sektorar må til for å innfri klimamåla som Stortinget har vedtatt, slo Solheim fast. Klimaforliket frå 2008 stiller som krav at to tredeler av reduksjonane skal skje på heimebane.

På seminaret fekk miljøvernministeren positive signal frå opposisjonspartia Høgre, Venstre og Krf, som synest å sikra brei oppslutnad om eit nytt klimaforlik i Stortinget.

Dragkampen om klimamelding er i full gang internt i regjeringa. Klimameldinga er utsett fleire gonger, sist til innan sommaren 2012.

Les også

Klimameldingen utsatt igjen

Les også

Stoltenberg garanterer ikke klimamelding i juni

Elektrifisering og køprising

Ingenting tyda i dag på at SV er villig til å fira på krava når det gjeld å få til ei ambisiøs klimamelding, der brorparten av kutta skal skje på heimebane.

Solheim ville ikkje gå i detaljar om klimameldinga få månader før denne skal leggjast fram, men gir likevel ein peikepinn om kva tiltak som ventar:

Miljøvernminister Erik Solheim

— Kutta må komma på alle vesentlege samfunnsområde. Innan industri, utan å øydeleggja denne eller driva han ut av landet. For olje- og energisektoren kan elektrifisering vera eit verkemiddel, sa miljøvernministeren i dag.Innan samferdsel meinte han det må skje ein overgang til biodrivstoff og elbilar og ei utbygging av tog- og kollektivtransport, parallelt med reduksjon av talet på parkeringsplassar og køprising for å få ned biltrafikken.

— For bygg må det innførast strenge standardar med nye bygningskodar i retning av såkalla passivhus. Vidare trengst det tiltak for landbruksområdet og skog, ramsa Solheim opp.

- Må ikkje juksa med skog

Når det gjeld satsinga på skog, sa SV-statsråden at han ikkje såg nokon grunn til å gå i strupen på Senterpartiet. Bakgrunnen er at Sp før helga flagga at skog er partiet si viktigaste prioritering i forhandlingane om klimameldinga.

Sentarparti-leiar Liv Signe Navarsete sa blant anna at skogplanting og skogpleie kan binda 12 millionar tonn CO2, som tilsvarer utsleppa frå den norske bilparken.

— Så lenge ingen foreslår å juksa, er satsing på skog bra, sa Solheim. Med å juksa meiner han å endra den norske reknemåten for å innlemma skog i klimarekneskapen.

Per i dag kan cirka 3 millionar tonn CO2 trekkast frå Norge sin klimarekneskap, i tråd med reglane i Kyoto-avtalen. Men mange industriland ønskjer å endra reglane, slik at dei i større grad kan bruka skogen til å sleppa billegare unna sine utsleppsforpliktingar.

Som Norges Naturvernforbund ønskjer Solheim at CO2-opptaket frå skog skal komma i tillegg til den nasjonale innsatsen for å redusera utsleppa frå fossile energikjelder.

Norsk skogmilliard.

Leder i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken Foto: Scanpix

Naturvernforbundet har utfordra regjeringa til å satsa på bevaring av skog her i Norge som eit bidrag til globale utsleppskutt.Dei føreslå å setja av ein milliard til satsing på norsk skog. Dette kjem i tillegg til milliardane Norge alt bruker på bevaring av regnskog i fjerne himmelstrøk som Brasil og Indonesia.

Leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund, presiserer at dei ikkje føreslår å verna all norsk skog.

— Me ønskjer å verna den gamle skogen. I tillegg vil me at skogeigarane skal la trea stå nokre år ekstra før hogst, for å suga til seg meir CO2, og dessutan ønskjer me bidrag frå forskarar til den store diskusjonen om korleis me best skjøttar skogen i eit lengre perspektiv, seier Haltbrekken til Aftenbladet.

Publisert: