Bygger verdas første utsleppsfrie ferje

Verdas første store ferje med rein el-kraft som drivstoff skal setjast i drift om to år. Byggekontrakt er nå underteikna.

Publisert: Publisert:

Verdas første store batteriferje skal Norled setja inn i trafikk over Sognefjorden 1. januar 2015. (Illustrasjon: Norled)

  • Thomas Førde
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Ferja skal gå i pendelfart over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal. Det er Stavanger-selskapet Norled (tidlegare Tide), som skal driva dette ferjesambandet i minst ti år med oppstart 1. januar 2015. — Me har nå underteikna kontrakt med Statens Vegvesen om drift av sambandet, seier sjefen for Norled, Ivan Fossan. Han legg til at Norled dertil har skrive under byggekontrakt for batteriferja med Fjellstrand verft i Hardanger.

Tre ferjer

Ferja skal ha plass til 120 bilar om bord og 360 passasjerar. Sambandet, som utgjer ein del av E 39 med ferjekryssing ytst i Sognefjorden, skal trafikkerast med tre like store ferjer. I tillegg til batteriferja skal Norled driva to konvensjonelle dieseldrivne ferjer i sambandet. Dermed kan frekvensen aukast frå dagens to ferjer med avgang kvar halvtime til tre ferjer og avgang kvart tjuande minutt. I dag er det Fjord1 som driv dette sambandet.

Krav om miljøferje

Då ferjesambandet blei lyst ut på anbod, stilte styresmaktene gjennom Vegdirektoratet krav om at den eine ferja skulle vera ei miljøferje, som produserer 15 til 20 prosent lågare utslepp enn dagens mest miljøvennlege ferjer, det vil seia gassdrivne ferjer.

Teknologiske sprang

— Med å stilla slike strenge miljøkrav i konkurransevilkåra medverkar styresmaktene til teknologiske sprang framover mot meir miljø- og klimavennleg transport, seier Ivan Fossan i Norled. Han legg til at liknande krav blei stilt då dei første gassdrivne ferjene blei sette inn i trafikk. - Seinare har det blitt utvikla og bygt mange gassdrivne skip, seier Fossan, som har også har tru på at det kjem fleire batteridrivne ferjer i åra framover.

Aluminium og prislapp

Den første store batteriferja er utvikla av verftet Fjellstrand i samarbeid med Norled. Ferja skal byggast med to skrog og blir dermed av katamarantypen. Byggematerialet som skal nyttast blir aluminium.

— Dette gjer heile ferja lettare enn ei ferje av stål. Dessutan rustar ikkje eit aluminiumskip og krev dermed lågare vedlikehaldskostnader, seier Fossan.

Han legg til at bygging av den nye ferjetypen med batteridrift og aluminiumsskrog blir noko dyrare enn bygging av ei konvensjonell ferje.

— Prislappen vil enda nær 200 millionar kroner, seier Ivan Fossan.

Lading automatisk

Batteria på den nye ferja skal ladast kvart tjuande minutt, kvar gong ferja legg til kai. Tilkopling til ladestasjonen skal skje automatisk. Alle system om bord skal bli optimaliserte for lågt energiforbruk og varmegjenvinning. Det skal mellom anna installerast led-lys og solceller om bord.

Testing om bord i "MF Finnøy"

Før verdas første store batteriferje skal setjast i drift i 2015 vil delar av den nye teknologien prøvast om bord i "MF Finnøy", ferja som blir nytta i sambandet Lauvvik - Oanes. Her skal mellom anna ladesystemet og delar av batteripakka prøvast. Slike testar om bord i "MF Finnøy" blir i følgje Ivan Fossan sette i gong sommaren 2013.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Muligens en eller to flere som er positive

  2. Vasker du kjøkkenbenken før eller etter at du lager mat? Det har noe å si

  3. Trump tar kraftig innpå Biden

  4. «Alle prestasjonene er hans egne, men vi har gjort det veldig lett for ham»

  5. Stavanger-lege dømt for bedrageri og underslag

  6. Forbrukerrådet mistenker at Lyse driv prisjuks