Kald juni på heitare klode

Tidlig i går var temperaturen 8,4 grader på Våland. Midt i juni. Men den globale oppvarminga blir ikkje avlyst av den grunn.

Publisert: Publisert:

Richard og Ruth Pullin fra New Forest i Sør-England kom i land i Stavanger med cruiseskipet Oreana. Foto: Fredrik Refvem

  • Turid Furdal
    Journalist
Denne artikkelen er over syv år gammel

Med vind frå nordvest og temperatur som ikkje eingong var tosifra, hasta og hutra folk seg i går inn på jobb. Og frå cruiseskipa og ut i Stavanger-gatene.

Les også

Hetebølgjer gjer verda sitt matfat mindre

Korleis heng eigentleg årets norske juni-kulde saman med global oppvarming?— Du kan ikkje berre sjå på termometeret utanfor vindauga og seia noko om global oppvarming, seier klimaforskar Ragnhild Bieltvedt Skeie ved Cicero senter for klimaforskning.

— For dei globale klimaendringane ser ein på heile kloden, og det er store variasjonar frå veke til veke og frå stad til stad. Medan me har det kaldt, er det ganske varmt i Ukraina under fotball-EM, seier Skeie.

Slik virkar NAO

At årets juni i alle fall er kald i Norge, er ingen i tvil om. Det merkast ikkje minst etter sommarheite dagar i mai.

— Vêret og temperaturen i Norge er tett kopla til korleis vinden bles inn over landet, seier klimaforskar Hans Olav Hygen ved Meteorologisk institutt i Oslo. Eit viktig stikkord her er NAO, eller «den nord-atlantiske oscillasjonen». Det er ein indeks som beskriver trykkforskjellane mellom Island og Azorene , og som forklarer vêrmønsteret i Norge.

— Indeksen seier kor sterk vinden er som kjem inn frå havet, og korleis den fraktar luftmassane over Atlanteren. Jo sterkare indeksen er, jo varmare blir det. I vest blir det som regel også vått. Når NAO-indeksen er låg, blir det kaldare og me får eit anna nedbørsmønster enn me er vant til. I fjor sommar hadde me ein låg NAO-indeks. Det same gjeld for dei to føregåande, kalde vintrane, seier Hygen.

Mot kaldare tider i Norge?

Vêrmønsteret har vore unormalt i det siste, men Hygen legg til at dette svingar over ein litt lengre periode.

— Kan endringar av NAO vera ein del av dei globale klimaendringane?

— Det veit me ikkje. I seg sjølv er ikkje dette uvanleg, og kan skuldast naturlege svingingar. Men samtidig er det ei viss tilbakekopling til for eksempel isen i Artis, seier Hygen. Han legg til at nokre forskingsresultat tyder på at Norge vil få eit vêrmønster som gjer at det ikkje vil bli særleg varmt framover, men understrekar at dette er ekstremt usikkert. Her vil det komma ny forskingsresultat i dei kommande åra.

Varmare og våtare alt i dag

Ein kald norsk sommar eller to kalde vintrar, rokkar ikkje ved klimaforskarane sin hypotese om menneskeskapt, global oppvarming. Det er berre å sjå på statistikken, seier direktør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret i Bergen.

— Det er blitt 1,5 grader varmare i Norge dei siste hundre åra. Dei siste 50 åra har temperaturen stige litt raskare enn før. Samtidig som det er enorme forskjellar i vêret år for år, kjem ein veldig langsiktig trend der temperaturkurven løftar seg sakte oppover. Ein vel så viktig trend som oppvarminga, er dessutan ein auke i nedbør. Det regnar i dag 20 prosent meir her i landet enn for 100 år sidan, seier han.

Temperaturen i Norge er forventa å stiga i takt med temperaturen globalt. .

— Samtidig kan naturlige svingingar regionalt gje ein nedgang i temperaturen i eitt til to tiår. Me veit i dag ikkje årsaka til tiårsvariasjonane og NAO-variasjonane, seier Jansen.

— Vêret skiftar og temperaturen går opp og ned. Det er kaldt i Norge nå, medan mars var veldig varm. Klima handlar om å sjå på det gjennomsnittlege vêret over ein lengre periode, seier Skeie.

Publisert: