«Det er vår olje»

Publisert: Publisert:

  • Kommentar
iconDenne artikkelen er over ti år gammel

Sommaren 1981 var eg på ferietur i Skottland. Ein kveld i Inverness stakk eg innom ein pub og kom i snakk med ein lokal kar. Som vanleg i slike tilfelle kom praten fort inn på fotball, og spesielt kvalifiseringa til fotball-VM, der Norge var i pulje med England. Eg måtte ærleg seia at det såg mørkt ut for norsk VM-deltaking, me hadde hatt for mange knepne tap alt. Skotten såg medfølande på meg, løfta glaset og sa: «Anyway, I hope you beat Eng-land!»

Ein god månad seinare skjedde akkurat det. Norge slo England sensasjonelt 2-1. Eg veit ikkje om min skotske ven nokon gong fekk høyra Bjørge Lilleliens udødelege jubelmonolog: «Vi har slått England – England, kjempers fødeland: Winston Churchill, Lord Nelson, Lord Beaverbrook...» Men eg er sikker på at han ville likt det.

Skottane er eit stolt folkeslag. Vil du fornærma ein skotte, skal du bare kalla han for engelskmann. Og i dag er våre grannar over Nordsjøen nærmare å vera ein sjølvstendig nasjon enn nokon gong sidan den engelsk-skotske unionen kom i stand i 1707. Skottland har fått sitt eige parlament med vide fullmakter, og sidan 2007 er det skotske nasjonalistpartiet SNP størst og har den regionale regjeringsmakta. SNP sitt mål er fullt skotsk sjølvstende innan rammene av Det britiske samveldet – på linje med for eksempel Australia og New Zealand.

Lenge var dette bare ein fjern draum for skottane, og dei fleste hadde avfunne seg med å vera ein del av Storbritannia, styrt frå London. Men frå 1970-åra begynte ein meir aktiv og kravstor skotsk nasjonalisme å få vind i segla. Skottane var ikkje aleine. I kjølvatnet av sekstiåttar-opprøret vart makt, tradisjon og kulturell einsretting utfordra på mange plan. I fleire europeiske land begynte regionar og minoritetar å retta ryggen.

Men skottane hadde eit trumfkort som få andre kunne skilta med. Det var funne olje i Nordsjøen – på skotsk del av britisk sokkel. Slagordet «it's Scotland's oil» vart ei mektig drivkraft for den nye skotske patriotismen og for partiet SNP. I den ferske boka «The Rise of Regionalism» («Regionalismens framvekst» – Routledge 2010) viser statsvitaren Rune Dahl Fitjar frå Stavanger den nære samanhengen mellom skotsk rikdom og nasjonalisme. Økonomisk styrke gir sjølvtillit og mot til å krevja å få stå på eigne bein.

Det har vore gjengs teori at regionalisme og separatisme er eit resultat av undertrykking og diskriminering. Blir ein region pressa for hardt av sentrum, dukkar kravet om lausriving opp.

Dahl Fitjar meiner at det heller er det motsette som skjer. Det er i dei vellykka og framgangsrike regionane at regionalismen får sterkast gjennomslag. Skottland er eitt eksempel, i Spania er det dei avanserte regionane Katalonia og Baskarland som har utfordra Madrid sterkast. Slovenia, med industri og levestandard på sentraleuropeisk nivå, var førstemann ut av Jugoslavia. I det velståande Nord-Italia opplever mange resten av landet som ein klamp om foten.

Her som elles er det ikkje dei fattigaste og elendigaste som gjer revolusjon, men menneske som har fatta håp om at eit friare og betre liv er mogleg.

Den økonomiske globaliseringa dei siste tiåra har gitt sterke regionar større spelerom. Nasjonalstaten er svekka (i alle fall fram til finanskrisa kom) og regionane har i stadig større grad stått fram som sjølvstendige aktørar på den globale arenaen.

På dette viset har me fått eit meir fargerikt og mangfaldig Europa. Samtidig er det ikkje alt ved denne utviklinga som er udelt sympatisk. Me ser innslag av regional egoisme og motvilje mot å hjelpa område som ikkje er så gunstig stilte, for eksempel i Italia.

Men la oss gå tilbake til Nordsjøen. For det var ein region som på 1970-talet vart velsigna med endå større oljerikdom enn Skottland – nemleg Rogaland.

Rune Dahl Fitjar er ikkje snauare enn at han samanliknar utviklinga av regionalismen i Skottland og Rogaland. Det er eit dristig prosjekt. Ikkje bare er skottane 12 gonger så mange som oss, dei har også ei fortid som sjølvstendig nasjon og ein særprega kultur som med sin kilt, si sekkepipe, sine songar og sin whisky er blitt ei internasjonal merkevare. Rogaland kan ikkje slå i bordet med noko liknande.

Det er då heller ingen som har funne på å danna eit eige Rogalands-parti eller seriøst å stilla krav om at Rogaland skal ut av Norge. Likevel meiner Dahl Fitjar å kunna slå fast at også her i fylket har oljerikdommen gjort oss stoltare, meir sjølvsikre og meir kravstore.

Rett nok er det vanskeleg å finna konkret talmateriale som viser at den regionale identiteten i Rogaland faktisk har styrkt seg sidan oljå kom. At Aftenbladet skriv meir om lokale og regionale saker og relativt sett mindre om nasjonale og internasjonale spørsmål kan ha med allmenne utviklingstrekk i media å gjera. Det treng ikkje vera uttrykk for aukande regionalisme, slik Dahl Fitjar tolkar det.

Dei fleste av oss har nok likevel eit sterkt inntrykk av at klimaet mellom Rogaland og Oslo har endra seg, og at det ligg ei sanning bak munnhellet om at «eg e' fra Stavanger, gjørr det någe?» er blitt til «eg e' fra Stavanger, va' det någe?» Av og til gir det seg utslag i stor sjølvtillit og direkte sjølvskryt på Rogalands vegner, av og til i klaging over kor urimeleg me blir behandla av «dei der inne» – me som forsyner Oslo med alle pengane.

Og på same måte som skottane har sagt definitivt farvel til dei konservative, sentralismens parti i Storbritannia, held rogalendingane stadig god avstand til eit Arbeidarparti som meir enn nokon symboliserer Oslo-makta her til lands. I fråver av eit Rogalands-parti er det Høgre og Frp som for tida lykkast best i å slå politisk mynt på den rogalandske regionprotesten. Det kan få rikspolitiske konsekvensar når rogalandsbenken på Stortinget blir utvida i 2013.

Publisert:
  1. Norske klimautslipp øker

  2. 14 ordførere advarer samferdselsministeren mot nytt helikopterregelverk fra EU

  3. Statoil sparer penger på helikopterkutt, mener beredskapen blir bedre

  4. Sikkerhetssjefen Goliat så sårt trengte

  5. Rigg-giganten Seadrill er i alvorlig trøbbel

  6. Eni får refs i ny rapport: Oljeansatt kunne omkommet

  1. Energikommentar