Arkeologi er politikk i Jerusalem

Politisk bruk av arkeologien er ikkje noko nytt. I Israel er det ein del av statsbygginga.

Publisert: Publisert:

  • Kommentar
Denne artikkelen er over ni år gammel

–Her er steinar frå Davids palass, påstår den israelske arkeologen Eilat Mazar; den store kongen erobra Jerusalem tusen år før Kristus, og her bygde han sitt slott. Og israelske politikarar legg til: Frå den stunda er dette Israels hovudstad!

Arkeologen Israel Finkelstein ved Tel Aviv University ristar på hovudet. På Davids tid var Jerusalem ein landsby, seier han. Truleg eksisterte David, kanskje var han konge, men i så fall var riket hans eit lite knippe fattige landsbyar med Jerusalem i sentrum. Steinane som du har funne, var ikkje del av eit palass, men av ein mur.

Eilat Mazar arbeider ved Hebrew University i Jerusalem, og har grave ut ein del av området like sør for Dung Gate, Møkkporten, i Jerusalem. På nordsida av denne porten ligg tempelområdet, der Klippedomen og Aqsa-moskeen dominerer. Eit par hundre meter lenger sør ligg det området som utgjorde Jerusalem på Davids tid. I dag ligg landsbyen Silwan der.

Mazars utgraving ligg i eit senter for turistar som blir drive av Elad. Organisasjonen Elad har spesialisert seg på å grava ut Davids by, til og med under husa til palestinarane som bur der i dag. Innbyggjarane i Silwan er uroa av Elad, som ikkje berre driv ulovlege arkeologiske utgravingar under husa deira, men som også okkuperer hus som etter kvart står tomme. Elad er ein privat organisasjon, men med band til Israels regjering, og til rike menn som Lev Levav og Roman Abramovitsj (han med Chelsea).

Politisk bruk av arkeologien er ikkje noko nytt, og heller ikkje spesielt for Midt-Austen. Lenge var arkeologane gode støttespelarar for israelsk politikk. Charles Warren fann på 1800-talet ein vasstunnel, som han meinte at Davids menn brukte for å koma under bymuren og inn i byen. Ved å bruka Bibelens framstilling til å forstå arkeologiske funn, skapte ein lenge eit tilforlateleg bilete. Den engelske forskaren R.A.S. Macalister påstod at han fann Davids tårn i Davidsbyen. Hans etterfølgjar Kathleen Kenyon, Dame Kenyon, viste at tårnet var åtte hundre år yngre enn David, men fann sjølv ein mur som var eldre enn David og som omgav den byen han erobra. Dermed hadde ho også lagt grunnlaget for tanken om Davids by.

Mellom israelske arkeologar var Yigael Yadin viktig. Yadin var alt på ein gong: general, visestatsminister – og arkeolog. Han var overtydd om Davids storrike, og fann palass og portar frå hans erobring av Megiddo, Hazor og Gezer.

Slike funn er viktige i statsbygginga av Israel. Mange sionistar støttar seg på Bibelen, men arkeologiske funn er like viktige. Som den samaritanske kvinna sa det: Fedrane våre tilbad på dette fjellet.

I 1967 erobra Israel Sinai-halvøya, Golan og Vestbreidda. Dette opna eit nytt landskap for israelske arkeologar. Eilat Mazars bestefar, Benjamin Mazar, fekk i oppdrag å grava ut området sør for tempelhøgda. I dette området kunne ein venta å finna restar av Davids by, eller i alle fall ein del som knytte byen saman med tempelet. Tempelområdet sjølv kan ikkje rørast, for det er i dag Haram es-Sharif, som muslimane vaktar. Og Silwan er sensitivt område, fordi det ligg ein palestinsk landsby der. Men området imellom kunne undersøkjast arkeologisk, og Benjamin Mazar var ein av Israels fremste forskarar, og han fekk jobben. Dersom David bygde sitt palass i nordenden av Silwan, og dersom Salomo bygde tempelet lenger nord, burde det finnast eit område imellom som knytte desse delane saman. Ironisk nok fann Mazar ingenting frå den tida. Området var tomt på Davids og Salomos tid.

Dette funnet og mange andre har ført til ei nyorientering i arkeologien. Tempelet vart truleg bygt etter Salomo og etter modellar frå ei seinare tid. Først etter David og Salomo, frå 800-talet og framover til 600-talet før Kristus blomstra Jerusalem opp med palass og tempel. Fullt utvikla var byen først under kong Josjia på slutten av 600-talet. Eit par tiår seinare erobra Nebukadnesar byen og la templet i grus.

Eilat Mazar og Elad vil ikkje godta denne forklaringa, men leita etter Davids palass. Men dei har nesten alle andre israelske og utanlandske arkeologar mot seg. Ein boikott av Israels akademiske liv ville ramma Finkelstein og hans meiningsfeller hardare enn Mazar. For så lenge ho samarbeider med Elad, kan ho håpa på Abramovitsj og amerikanske pengar, og i alle fall har Elad kontakt med det israelske statsapparatet. Ein boikott ville svekka den seriøse arkeologien eller driva han i armane på dei høgreorienterte.

–Dette er den brønnen som Jeremias vart kasta ned i, fortel Elad. Og turistane blir imponerte: så her var det! Arkeologen Ronny Reich er oppgitt: Denne brønnen er tusen år yngre enn Jeremias! Men slike festbremser lyttar ikkje turistane på. Det er mykje meir spennande med den første versjonen.

Palestinsk arkeologi har så vidt kome i gang, og ein kan rekna med at den også vil leita etter røter.

Kven leitar dei etter? Finkelstein seier at dei første israelittane var kanaanearar. Så kanskje palestinarane vil koma til at dei første palestinarar var israelittar? Frå kvar sin kant vil dei grava seg fram til sanninga. Og brått kan dei stå ansikt til ansikt. Det kan bli steinløye.

Publisert: