Stangar oljeboomen i taket?

Statoil taper pengar om oljeprisen går under 100 dollar fatet. Då blir det tøffare tider i Rogaland.

Denne veka kutta Statoil 209 stillingar. Statoil-sjef Helge Lund varslar fleire kutt og meir støy.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Politisk kommentator
Publisert: Publisert:
t_hetland.jpg
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

EG TRUR det må ha vore i 1999. Ei gruppe frå Aftenbladets redaksjon var i møte med Statoil-leiinga. Situasjonen i oljå var krevjande og utsiktene dystre. Frå 1997 til 1998 hadde oljeprisen gått ned frå 19,1 til 12,7 dollar fatet.Melodien var kostnadskutt og billegare drift. Norsok-prosessen, som skulle gjera norsk sokkel meir konkurransedyktig, var i full gang. Investeringar vart vurderte svært kritisk.

– Me legg til grunn at alle nye prosjekt skal vera robuste for ein oljepris på 12 dollar, sa Terje Vareberg, den gongen viseadministrerande direktør i Statoil.

DET VAR EIN STRATEGI som ikkje hadde lang levetid, for å seia det forsiktig. Denne veka sa finansdirektør Torgrim Reitan i Statoil at bransjen nå må ha ein oljepris på over 100 dollar fatet for å tena pengar. Kostnadsnivået som var eit mål i 1999 er altså blitt åttedobla på 15 år.

Me produserer like mykje petroleum som for 15 år sidan, men til fire gonger så høge kostnader.

Ved årtusenskiftet var investeringane på norsk sokkel på vel 50 milliardar kroner i året. For 2014 reknar Statistisk sentralbyrå med eit investeringsnivå i oljå på 223 milliardar – altså ei firedobling. I tillegg kjem driftskostnader på vel 60 milliardar som har vore relativt stabile.

Mens kostnadene har eksplodert, står produksjonen stille. I 1999 vart det produsert 229 millionar oljeekvivalentar på norsk sokkel, i 2012 226 millionar. Men innanfor dette totalvolumet er produksjonen av det mest verdifulle produktet, råolje, blitt halvert. Auka gassproduksjon har kompensert for det i volum.

OPPSUMMERT: Me produserer like mykje petroleum som for 15 år sidan, men til fire gonger så høge kostnader. Det einaste som får dette reknestykket til å gå opp, er ein oljepris som dei siste par åra har lege ganske stabilt på over 100 dollar.

Det er eineståande i historia. Men ifølgje Statoil er altså ikkje 100 dollar fatet lenger nok.

DET ER MYKJE POSITIVT å seia om det som har skjedd på norsk sokkel dei siste åra. Forsking og utvikling har gjort det mogleg å få langt meir olje ut av felta enn før. Om lag halvparten av olja blir nå utvunnen, og det er høgt i internasjonal samanheng. Det er god ressursforvalting, men dropane er dyre. Med ein lågare oljepris er det i mange tilfelle ikkje lønsamt.

Dei annonserte kutta er som små risp i huda å rekna mot det som vil koma dersom Statoil verkeleg skal gå laus på kostnadsbasen sin.

Leverandørindustrien har vore den store vinnaren. Etterspørselen etter avanserte tekniske løysingar, utstyr og vedlikehald for å halda den høgt prisa produksjonen gåande, har gitt gylne tider for denne Rogalands-dominerte industriklynga. Mange her har tent svært gode pengar, men me veit alle kva det har gjort med kostnadsnivået både i oljå og i andre samfunnssektorar. Har boomen nå gjort ende på seg sjølv?

STATOIL VARSLA DENNE VEKA at selskapet skal kutta 209 stillingar i Norge – innan IT, eigedomsdrift og finans. 80 prosent av dei tilsette som blir ramma, vil få tilbod om jobb i leverandørselskapa som funksjonane skal outsourcast til.

Hovudtillitsvald Bjørn Asle Teige i YS i Statoil sa til Aftenbladet at nedskjeringane er uttrykk for «kapitalismens ibuande råskap». Kapitalismen kan sikkert vera rå nok, men dei annonserte kutta er som små risp i huda å rekna mot det som vil koma dersom Statoil verkeleg skal gå laus på kostnadsbasen sin.

Og det skal ikkje meir til enn at oljeprisen fell tilbake på 2010-nivået på snautt 80 dollar før situasjonen blir prekær. Då vil Statoil tapa 20 dollar per fat, om me skal tru finansdirektør Reitan. Ingen ansvarlege bedriftsleiarar kan sitja stille og sjå på det.

OM OLJEPRISEN er det vanskeleg å spå. Dei siste seks åra har han variert frå 147 til under 40 dollar fatet. Me lever i ei omskifteleg verd. Terror, politisk uro og finanskriser oppstår stadig vekk og påverkar prisen på ulikt vis. Det same gjer etterspørselen i Kina og andre nyindustrialiserte land, nye utvinningsmetodar som oljesand og skifergass i USA, eller politiske løysingar på gamle konfliktar.

Om Statoil nå verkeleg skal kutta kostnader så det forslår, blir det dramatiske og spennande tider for Rogaland.

Kva vil det for eksempel få å seia om det nå blir ein atomavtale med Iran som gjer slutt på dei økonomiske sanksjonane mot landet, og meir iransk olje kjem ut på verdsmarknaden?

STATOIL SEIER at det er betre å ta innstrammingar alt nå enn når eit fall i oljeprisen tvingar dei til kutt. Det lyder jo fornuftig. Men å gjennomføra det under uro og sterkt press frå alle kantar, før krisa er eit faktum, er tøft.

Så kan ein spørja korleis Statoil har sett seg i ein slik situasjon. Helge Lund er nok inne på det, når han i Dagens Næringsliv viser til at oljebransjen i framtida må læra seg til å handla i eit lengre perspektiv: «Jeg tror denne bransjen tidligere har vært ganske god til å jobbe med kostnader og effektivitet i kanskje ett eller to år, og så gir man gass igjen.»

Kor mykje Helge Lund og Statoil eigentleg har lært, og kor mykje alvor dei vil setja bak orda, står att å sjå. Men om Statoil nå verkeleg skal kutta kostnader så det forslår, blir det dramatiske og spennande tider for Rogaland.

DÅ VIL ME FÅ SJÅ om det er substans i honnørorda om det vekstkraftige og innovative næringslivet vårt. Kor mykje av veksten dei siste åra har vore basert på at me er gode, og kor mykje på flaks, på det at me ha vore ideelt posisjonerte til å surfa på ei oppgangsbølgje i den dominerande næringa vår?

Korleis vil Rogalands-industrien – og Rogalands-politikarane – tilpassa seg ein situasjon der oljeordrane minkar? Når den honningkrukka me har sett oss så godt til rettes rundt, ikkje er så full som før?

Fem siste fredagskommentarar frå Hetland:

Les også

  1. Pascale Mauclairs tapte ære

  2. Kva slags kunnskap?

  3. Er norske kvinner likestilte nå?

  4. Luftig landbruksretorikk

  5. Navarsete under press

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Varsler styrtregn i Roga­land tirs­dag. Mandag kveld fikk vi en forsmak på uværet.

  2. Byfjordtunnelen var stengt på grunn av gjenstand i veibanen

  3. Politiet: Mange ungdommer samlet på Orstad

  4. – Trur han følte seg litt meir sliten enn han skulle likt

  5. Lysforholdene i tunnelen blir en sentral del av etterforskningen

  6. Stavanger-politikeren håndterer strømkrisen for Gahr Støre. Hans egen mor er blant dem som ber regjeringen handle