Kor djupt blir Frp-fallet?

Birkedal-saka kan forsterka ein Frp-nedtur som alt var i gang. Og lokalval er ikkje heimebane for Siv Jensens parti.

Publisert: Publisert:

  • Kommentar
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Framstegspartiet er taparen på meiningsmålingane for mars. På gjennomsnittet av åtte målingar går partiet tilbake med 1,3 prosentpoeng frå februar. Med 21,9 prosent ligg Frp nå under valresultatet i 2009. Det er for tidleg å seia kor mykje av tilbakegangen som har med Birkedal-saka å gjera. Infact-målinga i VG 25. mars, som viste ein tilbakegang på 4,7 prosent, vart tolka som eit utslag av skandalen. Men sjølve resultatet, 20,8 prosent, skilde seg ikkje nemneverdig frå Frp sitt nivå i fleire av målingane som var tatt opp før Birkedal-saka sprakk.

Frp fekk såleis 21,5 av Norfakta for Klassekampen og Nationen, 21,6 på TNS Gallup si måling for TV2, 21,0 på Norstat-målinga i Vårt Land og 21,3 på Opinions måling for pressebyrået ANB. Dessutan låg Frp påfallande høgt på Infact-målinga for februar – 25,5 prosent var over 2 prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet for partiet den månaden. Dermed vart fallhøgda ekstra stor.

Kanskje var Sentio-målinga frå Sunnmørsposten, som kom i går, ein tydelegare indikasjon på at partiet blir ramma. Der fall Frp frå 23,3 til 19,7 prosent, og så lågt er det lenge sidan Frp har vore på ei enkeltmåling.

Vanlegvis gir skandalesaker som dette liten varig effekt, sjølv om det kan bli mykje støy og eit visst veljartap på kort sikt. Det største problemet for Frp er at merksemda etter kvart har retta seg mot partileiinga si handtering av saka. Her har verken partileiar Siv Jensen eller partisekretær Geir Mo kome spesielt heldig ut. Og nå dukkar det opp nye sexsaker, rett nok av mindre kaliber enn Birkedal-historia. Dermed kan Frp-leiinga få hendene fulle med å sløkka brannar også i tida framover, i staden for å snakka politikk.

Når ein analyserer Frp, er det likevel viktig å merka seg at partiet heilt sidan nyttår har vore inne i ein synkande trend. Det er vanskeleg å sjå tydelege årsaker til det på den politiske dagsordenen. Men ein del av forklaringa kan vera at veljarane nå begynner å innretta seg på at me nærmar oss eit lokalval, og derfor er meir tilbøyelege til å velja parti ut frå lokale saker og lokale kandidatar. Det kan også smitta over når meiningsmålarane spør om stemmegiving ved stortingsval.

Enkelte institutt lagar nå eigne målingar for kommune— og fylkestingsvalet. På gjennomsnittet av kommunestyremålingane for mars får Frp magre 16,9 prosent (Kjelde: pollofpolls.no). Det er 5,4 prosent mindre enn når det er spørsmål om stortingsval.

Forskjellen er stor, men i og for seg ikkje overraskande. Frp har alltid gjort det dårlegare i lokalval, ingen andre parti oppviser så stort sprik mellom lokalval og nasjonale val. Trass i at Frp etter kvart har fått ein del posisjonar også i kommunar og fylke, er partiet i større grad enn andre avhengige av korleis dei nasjonale politikarane framstår. Historia om mannen som sa «Eg stemte på Hagen» etter å ha vore inne og stemt ved eit kommuneval, er ikkje bare ein vits.

Med høgre

er det omvendt. Partiet gjer det gjennomgåande betre i lokalval enn i riksval. Høgre styrer dei fleste større bykommunane – og får betalt for det. Stavanger er kanskje det beste eksemplet. Sjølv utan Leif Johan Sevland på topp, ligg Høgre an til å gjera eit nytt brakval i fylkeshovudstaden.

På gjennomsnittet av kommunemålingane ligg Høgre på 27,2 prosent, eit halvt prosentpoeng over stortingsnivået. I realiteten er den relative kommunestyrken til Høgre større, sidan ein større del av veljarane går til gruppa «andre» i kommunevalmålingar. Nasjonalt oppviser Høgre nå stor stabilitet – Erna Solberg ;& Co har hatt ei oppslutning på 26–27 prosent sidan i fjor sommar.

Også sentrumspartia har normalt meir å henta i lokalval enn stortingsval. Særleg gjeld det «ordførarpartiet» Senterpartiet, som oppnår 7,1 prosent i kommunemålinga, mot 4,9 ved stortingsval. Også KrF med 5,3 og Venstre med 5,7 ligg noko over stortingsnivået. SV er derimot i same stilling som Frp – partiet har størst appell i rikspolitikken. SV er vinnaren på marsmålingane med ein framgang på 0,8 prosentpoeng til 6,5, men på kommunemålingane må partiet nøya seg med 5,2. Arbeidarpartiet er for tida det einaste partiet som står like sterkt – eller kanskje me skal seia svakt – nasjonalt og lokalt. Partiet får 28 prosent på begge nivå. Ap hadde ein pluss på 0,4 på stortingsbarometeret for mars og er i svak framgang, men vegen opp av bølgedalen går altfor sakte med tanke på at Ap oppnådde heile 35,4 prosent ved stortingsvalet i 2009. Derimot kan kommunevalresultatet på 29,6 prosent i 2007 kanskje vera innan rekkevidde.

Alt i alt ser me ein viss venstrevri på målingane for mars. Ap, SV og Raudt aukar til saman med 1,5 prosentpoeng. Kanskje er det Adecco-avsløringane som minner ein del veljarar om at privatisering ikkje er problemfritt. Men forskyvingane er ikkje så store at det blå-blå fleirtalet på meiningsmålingane går tapt. SV erobrar eit mandat sidan februar og har nå like mange inne som i dagens Storting, og Raudt kjem inn i Oslo. Frp og KrF ligg an til å tapa kvart sitt mandat i forhold til februarmålingane.

Publisert:
  1. 7,7 grader hele året

  2. Mens oljearbeiderne klager på dårlig lønnsvekst, har sjefen økt inntekten med 72 prosent i løpet av oljekrisen

  3. Ny stortingsmelding om sikkerhet på sokkelen kommer i 2018

  4. TIDSLINJE: Derfor er «Lykkeland» sin versjon av Ekofisk-funnet feil

  5. Over 20.000 har mistet oljejobben, men flere finner jobb i andre bransjer

  6. Equinors Johan Sverdrup leverer helt syke tall

  1. Energikommentar