Klimaendringar kan smelta Folgefonna

Ikkje nok med at det blir meir regn, flaumar og ras i åra framover, ifølgje klimaforskarar. Menneskeskapt global oppvarming kan også smelta vekk Norges tredje største isbre i løpet av hundre år, om temperaturen blir 2-4 grader varmare.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over syv år gammel

Som dei fleste breane her i landet, er Folgefonna i dagmindre enn breen har vore på fleire hundre år.

Breane blir ofte omtalt som «kanarifuglar» i klima-systemet,fordi den raske issmeltinga varslar om dei dramatiske klimaendringane som mehar i vente. Sidan 1930 har dei fleste breane her i landet smelta svært raskt tilbake.

Ved Folgefonna som ligg rundt 4 timars køyring fråStavanger, er endringane alt godt synlege. Helleristningar har dukka fram fråisen oppe ved brekanten, og brearmane Buarbreen og Bondhusbreen har trekt segfleire hundre meter tilbake.

Men om Folgefonna skulle forsvinna, så er ikkje det førstegongen, seier breforskar Jostein Bakke ved Universitetet i Bergen. Klimaet dådei norske breane sist var borte, var ikkje så ulikt det Norge vil oppleva deineste 100 åra.

OPPSLAG-Folgefonna-26.jpg

Den kystnære breen blir påvirka av vêr og vind i Atlanterhavet. Foto: Pål Christensen

Publisert: