Klimaforskarar lettar på sløret

Klimaforskarar opnar nå opp for at klimaskeptikarar og andre kan sjå dei i korta. CO2-målingar frå dei siste 40 åra er samla i ein unik databank som er tilgjengeleg både for forskarar og folk flest.

Publisert: Publisert:

Nuka Arctica har eit instrument ombord for å måla CO2 ved havoverflata. Båten går i linjefart mellom Aalborg og Grønland. Målingane frå Havforskningsinstituttet er nå samordna med målingar frå heile verda i ein databank. Foto: Royal Arctic Line

  • Turid Furdal
    Journalist
Denne artikkelen er over åtte år gammel

Havet tar opp CO2 og dempar slik meir ekstreme klimaendringar. Om opptaket av klimagassen endrar seg drastisk, er dette viktig å vita for å kunna setja inn mottiltak.

CO2-målingane i den nye databanken «Socat» gjer det lettare for klimaforskarane å overvåka endringane av opptaket av klimagassen i havet. Arbeidet med å samordna CO2-målingar i havoverflata har vore leia av forskarar og dataspesialistar frå Universitet i Bergen, Havforskningsinstituttet og Bjerknessenteret.

Når klimaforskarar verda over får tilgang på alle måleresultata, får dei eit betre og meir nøyaktig grunnlag for å utvikla ny klimamodellar.

Viktig for CO2-innhaldet i lufta

— Når desse langtidsseriane av data nå er gjort tilgjengelege, blir det enklare å berekna opptaket av CO2 frå havet over lang tid, seier Benjamin Pfeil som er overingeniør ved Geofysisk institutt i Bergen til Aftenbladet.

Havet sitt opptak av CO2 spelar ei viktig rolle for CO2-nivået i atmosfæren. Rundt ein fjerdedel av all CO2 som blir sleppt ut blir tatt opp i havet. Dette opptaket er følsamt for klimaendringar.

— Til nå har måleresultata vore samla på ulike datasenter og ein god del data har berre vore hos forskarane, seier Pfeil til Aftenbladet.no.

Alle kan gå inn og sjekka

– Nå blir det mogleg å studera årlege og tiårige variasjonar i havet sitt CO2-opptak, og forska rundt prosessane som påverkar havet si evne til å ta opp CO2, seier Are Olsen som er seniorforskar ved Havforskningsinstituttet/Bjerknessenteret.

Han understrekar at databanken også er open for alle som ønskjer å sjekka og etterprøva data som forskarane brukar.

— Målet med arbeidet har også vore å sikra ein fri tilgang til datagrunnlaget klimaforskarane brukar, seier Olsen.

Havet blir surare

Han viser også til at CO2-gassen som bli tatt opp i havet, aukar forsuringa i havet.

— Desse dataene kan vera med og hjelpa å forstå kor mykje surare havet blir, og kor raskt dette skjer. Dette er viktig, fordi forsuringa er sett på som ein alvorleg trussel for livet i havet. Forsking har vist at det er effektar på livet i havet, men her treng ein enno å forska meir for å komma til fullstendig sikre konklusjonar om kor store konsekvensane er, seier Are Olsen til Aftenbladet.

Pfeil og Olsen har hatt ei sentrale rolle i å samla inn, berekna og samordna CO2-målingar frå dei siste 40 åra. 6,3 millionar målingar som er gjort av forskingsfartøy, frivillige observasjonsskip og andre frå 1968 til i dag, blir gjort offentleg tilgjengelege.

I alt har vel 100 forskarar vore involvert i arbeidet internasjonalt. Rundt ein tidel av desse er frå Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.

Laurdag 17. mars blir prosjektet presentert i tidsskriftet «American Geophysical Unions journall»

Are Olsen

Benjamin Pfeil

Publisert: