Offshoreskip uten oppdrag

Berre fire av 80 nybygde offshoreskip har sikra seg oppdrag. Flåten av serviceskip i oljeindustrien i Nordsjøen vil auka med 43 pst i dei neste to-tre åra.

Publisert: Publisert:

Trass i den eksplosive veksten i talet på nye skip i offshoreflåten er det få som reknar med at mange skip vil gå i opplag. Auken i utbyggjingsaktiviteten på norsk sokkel blir så stor at det kan bli oppdrag for dei fleste fartøya. Men innteninga kan bli låg. (Foto: Farstad Shipping)

  • Thomas Førde
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Talet på nye store forsyningsskip aukar desidert mest. I løpet av 2012 vil 80 større forsyningsskip til oljeindustrien vera ferdig bygde frå ulike skipsverft. Berre fire av desse 80 fartøya har til nå sikra seg oppdrag. Resten må ut i den kortsiktige spotmarknaden i hard konkurranse om oppdraga.

Tungt år

Ifølge skipsmeklarforetaket Hagland Offshore i Haugesund er det i dag 260 større forsyningsskip i Nordsjøen.

— Den særs store veksten i talet på forsyningsskip vil føra til eit tungt år med låg inntening for denne typen skip i 2012, seier skipsmeklar Anders Kolbeinsen i Hagland Offshore. Han legg til at det må nødvendigvis ta tid før så mange nye skip vil finna plass i marknaden.

— Nokre skip vil forlata Nordsjøen for å ta oppdrag under andre himmelstrok. Samtidig er det trong for at flåten skal fornya seg. Men det vil ta tid før etterspurnaden og prisane for utleige av forsyningsskip vil stiga igjen, seier Kolbeinsen. Han finn det likevel lite truleg at mange forsyningsskip vil gå i opplagsbøyane.

Lysare i ankerhandtering

— Det ser langt lysare ut for ankerhandteringsfartøy. Dette er store serviceskip som er spesialbygde for å kunne flytta anker og tilhøyrande kjettingar i samband med flytting av boreriggar. I dag finst 64 slike skip i Nordsjøen, enten i spotmarknaden eller på lengre kontraktar. 13 nye skip er venta skal vera klar for levering og til bruk i Nordsjøen i løpet av dette nye året.

Dertil er 13 nye skip tinga frå verft dei komande to åra etter 2012. Ankerhandteringsfartøya blir nytta både til riggflytting og til støtte ved undervassarbeid.

Låge prisar

Karl Johan Bakken er adm.dir for eit av verdas største offshorereiarlag, Farstad Shipping i Ålesund, som har 56 skip i eigen flåte. Bakken har ved fleire høve dei siste par åra åtvara mot overkontrahering. Bakken peikar på at tilgangen på nye skip såg ut til å minka for eit år sidan.

— Men eit halvt år seinare vart det tinga særs mange nye skip. Sjølv om aktiviteten aukar i oljeindustrien til havs i dette året, vil det store talet med nye skip føra til at prisane for utleige jamt over blir like låge som i 2011, seier Bakken.

Nokre få skip i opplag

— Kva følgjer får overkontraheringa, vil skip bli lagt i opplag?

— Nokre av dei eldste kan bli lagt opp. Andre finn marknadar utanfor Nordsjøen. Men dei fleste skipa vil vera i bruk sjølv om utleigeprisane blir låge. I Nordsjøen brukar det likevel koma periodar med oppsving i nivået for innteninga, seier Bakken.

Reiarlaget han leier har åtte skip under bygging eller i bestsilling. Farstad skal ha nye forsyningsskip og ankerhandteringsfartøy.

— Skal me halda oss i teten i denne næringa, må me heile tida utvikla og fornya oss. Dei eldste skipa prøver me å selja, seier Bakken.

Større aktivitet i 2012

Anders Kolbeinsen hos Hagland Offshore spår at det blir auka aktivitet i 2012. — Nokre mindre og eldre forsyningsskip er i opplag for vinteren. Kanskje er det blitt fem eller seks skip i opplag, seier Kolbeinsen.

Han seier vidare det truleg blir eit betre år for oljeserviceflåten i 2012 enn det var i 2011. - Særskilt innan subsea vil aktiviteten auka, seier Kolbeinsen.

Han peikar og på at sjølv om særs mange nye offshorefartøy er under bygging, er det likevel nye aktørar og reiarlag som kjem på banen og vil byggja enda fleire.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mot morens vilje sendte Eva (21) inn sitt DNA for å finne hennes amerikanske opphav

  2. Høiland fikk tøff beskjed av Berntsen

  3. Dei tek over lokalet til Sjå Inge: – Vil vere ein restaurant/­kafé med trykk på kafé

  4. Storspillet på hjemmebane fortsetter: Sandnes Ulf slo tilbake igjen

  5. Trumps bror på sykehus i New York

  6. Ryfylke­tunnelen måtte stenge et felt på grunn av tysk sykkel­turist