Er oslofolk flinkare?

Oslo har 12 prosent av landets befolkning, 36 prosent av landets kunstnarar – og får 55 prosent av statens kunstnarstipend. Fordi oslofolk er så mykje flinkare?

Publisert: Publisert:

Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

For akkurat ei veke sidan kom pressemeldinga frå Kulturdepartementet. Årets kunstnarstipend, garantiinntekter for kunstnarar og stipend til eldre, fortente kunstnarar blei offentleggjorde. 222 millionar kroner fordelt på 696 kunstnarsjeler. Eg opna vedlegga med listene over dei heldige med ei sitrande spenning. Ville eg finna det eg hadde mistanke om?

Veka før hadde eg laga ei rekkje journalistiske saker med eit perspektiv som har vist seg like effektivt som når ein går til verket med kvinne-, innvandrar— eller minoritetsperspektiv. (Kor mange kvinner er representert i styre/råd/akademia/kjelder osv? 50 prosent? Kva med ikkje-vestlege innvandrarar? Samar?) Det kan bli eit eventyr av uuthaldeleg politisk korrekte avissaker av sånt.

Majoriteten

Forskjellen er at mitt perspektiv representerer majoriteten. 88 prosent av Norges befolkning bur nemleg ikkje i Oslo. Tre fjerdedelar bur ikkje ein gong i det sentrale austlandsområdet. Dei fleste av oss bur ikkje i det som er definert som landets «sentrum». Me bur i «periferien». Nettopp derfor blir sentrum-periferiperspektivet så effektivt. Fordi det vedkjem det stor fleirtalet av oss når me kan påpeika skeivfordeling av makt og pengar mellom Oslo og resten av landet. Det er derfor du ikkje skal ha tilbrakt meir enn eit kvarter i «periferien» i Norge før du merkar det underliggjande raseriet over «sentrum». Eg hadde tatt for meg fordelinga av kunstnarstipend frå Fond og utøvende kunstnere (FFUK) for 2011, og statens kunstnarstipend frå 2009 og 2010, rett og slett fordi eg reagerte på kor mange gonger det stod «Oslo» bak namnet til stipendmottakarane – og kor få gonger det stod «Stavanger». (Også kjent som «Europeisk kulturhovudstad 2008» – for øvrig det største kulturarrangementet i norgeshistoria, med sine rundt 300 millionar kroner i budsjett.)

Konsekvens

Då eg begynte å telja, kom det fram ein forbløffande og stabil konsekvens i talmaterialet. 54 prosent av dei 202 som får FFUK-stipend i 2011 bur i Oslo. 56 prosent av dei 1320 som fekk statens kunstnarstipend eller garantiinntekt i 2009 og 2010 hadde postadresse Oslo. 1,4 prosent av stipendmottakarane i 2009 budde i Stavanger. I 2010 var Stavangers representasjon blant dei 694 kunstnarane 1,5 prosent.

Du begynner kanskje å skjønna den lett nerdete spenninga mi då dei nye tildelingane dumpa ned i innboksen og eg fann fram kalkulatoren?

Geografi

Men før eg avslører årets geografiske fordeling av 222 millionar kronar i statleg kunstnarstøtte, la meg spola litt tilbake. Eg kopla nemleg mine «avsløringar» av korleis kunstnarstøtta blir fordelt opp mot ein rapport frå Agderforskning som tok for seg den statlege ressursinnsatsen på kulturfeltet – i eit geografisk perspektiv. Rapporten tek utgangspunkt i statsbudsjettet for 2009, og viser at Oslo og Akershus mottek opptil fire gonger så mange statlege kroner per innbyggar til kulturformål som resten av landet. Og då er ikkje landets største kulturinstitusjon (NRK) eller landets dyraste kulturhus (Operaen) rekna med – mens det nye konserthuset i Stavanger ligg inne i reknestykket.

Sentralisering

Tala i rapporten er interessante på fleire måtar. For det første viser dei kor sentralisert Norge er, også på kulturområdet. Oslo som kulturby tener altså på å husa alle dei tunge, nasjonale kulturinstitusjonane – som er sikra tung og sikker statleg finansiering. Dette kan i sin tur vera med på å forklara kvifor 48 prosent av sysselsetjinga i kulturnæringane i Norge er å finna i Oslo og Akershus – og at meir enn halvparten av medlemmene i dei store organisasjonane for profesjonelle kunstnarar bur i desse to fylka.

Det er vel dette ein kallar ein god sirkel? At store investeringar i kultur (bygg, institusjonar, miljø, menneske) tiltrekkjer seg flinke folk, stor interesse, høg status – og slik skapar ei stadig sterkare kulturklynge. Det er dette alle større byar med respekt for seg sjølv drøymer om for tida, enten dei heiter Stavanger, Bergen, Åbo eller Tallin (dei to siste er europeisk kulturhovudstad i 2011). «Alle» har lese Richard Florida, «alle» kjemper om å tiltrekkja seg «den kreative klassen» – som skal vera så viktig for nytenking og utvikling av byar og regionar. Og middelet for å få tak i desse kreative folka, er altså eit levande, oppegåande, rikt kulturliv.

Konkurranse

Problemet er bare at alle ikkje kan vinna denne konkurransen. Og at sentrifugalkrafta Oslo utgjer i det kulturelle Norge i praksis gjer det vanskelegare for dei andre norske byane å skapa tilsvarande store, sterke kulturmiljø. Kva kan ein by som Stavanger gjera for å tiltrekkja seg og halda på flinke kunstnarar og kulturarbeidarar? Kva kan kunstnarar her i regionen gjera for å auka kompetansen og sjølvtilliten sin nok til å utgjera meir enn 1,5 prosent av stipendmottakarane – i ein ambisiøs kulturby som husar 6,5 prosent av landets befolkning?

Då eg la ut mine sentrum-periferi-saker på Facebook, var Thomas Seltzer (Turboneger og Trygdekontoret) kjapt ute med si forklaring på Oslo-dominansen blant stipendmottakarar: «Oslofolk er flinkere.» Ja, talmaterialet tyder på det. Men listene over stipendmottakarar avslører bare postnummer, ikkje dialekt. Kva om det er sånn at mange av dei flinkaste, mest ambisiøse og offensive kunstnarane føler dei må flytta til Oslo for å lykkast i kulturlivet? Er Kvelertak, Johan Harstad og Ragnar Bjerkreim – alle med Oslo-adresse – oslofolk? Eller representerer dei «periferien»

2011

Eg går laus på kunstnarstipendlistene for 2011 med søkemotor og kalkulator. Resultatet er nesten forbløffande i sin konsekvens. 373 av 696 stipendmottakarar bur i Oslo. Det er 54 prosent. Stavanger? 10 stykke. 1,4 prosent.

Det er kulturhovudstaden sin, det.

Publisert:

Energikommentar

  1. 7,7 grader hele året

  2. Mens oljearbeiderne klager på dårlig lønnsvekst, har sjefen økt inntekten med 72 prosent i løpet av oljekrisen

  3. Ny stortingsmelding om sikkerhet på sokkelen kommer i 2018

  4. TIDSLINJE: Derfor er «Lykkeland» sin versjon av Ekofisk-funnet feil

  5. Over 20.000 har mistet oljejobben, men flere finner jobb i andre bransjer

  6. Equinors Johan Sverdrup leverer helt syke tall

  1. Energikommentar