Det må investerast i gassrøyr frå nord

Gasskjelder i nord, som kan gi Norge nye milliardinntekter dei neste ti-åra treng store investeringar i nye gassrøyr.

Publisert: Publisert:

Tilgangen på norske gassressursar er uviss etter 2020. Utbygginga av infrastruktur for gasseksport på norsk sokkel må difor samordnast og koordinerast, seier toppsjefen i Gassco, Brian Bjordal (til venstre).

Denne artikkelen er over åtte år gammel

Bygging av eit nytt gassrøyr frå Luva-feltet i Norskehavet og sørover til Nyhavna i Aure kommune i Møre og Romsdal er nå under utgreiing. Med eit nytt gassrøyr på plass i dette området vil grunnlaget vera lagt for kommersiell utnytting av nær 140 milliardar kubikkmeter gass.

Desse gassmengdene tilsvarar nær halvtanna år av den samla norske gasseksporten til Europa. I dagens marknad har dei aktuelle gassmengdene i Norskehavet ein verdi på mellom 250 og 300 milliardar kroner.

I tillegg til feltet Luva er det ifølgje Gassco-direktør Thor Otto Lohne aktuelt å knyta til same røyrsystemet felt som Zidane og Linnorm.

Tidlegare har Gassco antyda ein samla kostnad for prosjektet på rundt 10 milliardar kroner. Nå seier Lohne at storleiken på investeringane er uvisse ettersom klargjering for tilknyting av fleire felt truleg vil medføra høgare investeringar.

Uvisse etter 2020

11 olje— og gasselskap deltar i finansieringa av det nye røyrleidningsprosjektet i Norskehavet frå Luva til Nyhavna, som delvis vil bli lagt på om lag 1300 meters djup. Dermed blir dette den djupastliggjande røyrleidninga på norsk sokkel.

Toppsjefen i Gassco, Brian Bjordal, sa i eit foredrag på den europeiske gasskonferansen i Oslo mandag at i samband med byggjing av ny infrastruktur på norsk sokkel må ein vurdera etterspurnad etter gass på lang sikt.

— Det er knytt uvisse til ressurstilgangen etter 2020 på norsk sokkel. Feltutvikling i nye område vil krevja ei samla og koordinert tilnærming, seier Bjordal.

Barentshavet

For dei nye gassfunna lengst i nord i Barentshavet skal Gassco i samarbeid med Statoil gjennomføra studiar rundt kva transportløysingar som kan eigna seg best, byggjing av gassrøyr eller tilrettelegging for transport av gass med tankskip.

— Det vil i første om gang bli jakta på mogelege løysingar og sett opp grove reknestykke over kostnader og mogelege tekniske løysingar. Første fase av arbeidet skal avsluttast i løpet av inneverande år, seier Thor Otto Lohne.

Statoil går ut

— Kva vil det kunne tyda for utviklinga av gassrøyrnettet at Statoil nå sel seg ut av eigarsida i selskapet som eig transportsystemet for gasseksport frå norsk sokkel?

— Dei kommersielt fornuftige vedtaka vil bli gjort likevel. Men det vil bli litt andre prosessar som kan føra fram til endelege vedtak ettersom nye eigarar kjem til, seier Thor Otto Lohne i Gassco.

Gassco er operatør for det norske gasstransportsystemet. Selskapet er eigd av staten, men utfører oppgåva på vegne av eigarselskapa i fellesskapet Gassled.

Kårstø gjer klart for Gudrun

Kårstø må oppgraderast for å kunne ta imot lettolje i røyr frå Gudrun-feltet i Nordsjøen. Produksjonen på Gudrun-feltet skal starta i 2014. Men for at dette skal kunne skje på ein effektiv, økonomisk og trygg måte må Kårstø byggjast om og byggjast på. Korleis dette skal gjerast på Kårstø er alt avgjort.

Endeleg investeringsvedtak skal gjerast i byrjinga av juni. Planen er at arbeidet på Kårstø til mellom 700 og 800 millionar kroner skal vera ferdig 31. juli 2013. ## Fleire mindre felt

— Endringane som nå er planlagt gjennomført på Kårstø, gjer oss betre rusta for framtida. Me har i lang tid tatt i mot og handsama stabilisert kondensat på Kårstø. Men nå vil anlegget også kunne handtera lettolje. Det gir oss fleire bein å stå på. Det er også svært positivt at me får utnytta eksisterande anlegg best mogeleg, seier Thor Otto Lohne direktør for finans og forrentningsutvikling i Gassco.

Han legg til at lettolje vil strøyma inn til Kårstø gjennom det same røyret som kondensatet i dag blir frakta gjennom frå Sleipner-feltet til Kårstø. Gudrun-feltet ligg 55 kilometer nord for Sleipner. Røyr blir bygt frå Gudrun til Sleipner-feltet.

— Samtidig blir det lagt til rette for at fleire mindre felt kan bli knytt til same transportløysing i framtida og dermed kunne gi enda meir råstoff til anlegget på Kårstø, seier Thor Otto Lohne.

Gudrun-feltet inneheld om lag 127 millionar fat oljeekvivalentar. To tredeler av dette volumet er olje. Gassen frå Gudrun-feltet vil bli eksportert direkte til Europa via Sleipner-feltet.

Ifølgje Thor Otto Lohne vil Gudrun gi råstoff til Kårstø i fem til seks år framover.

  1. Nytt gassrøyr blir prosjekttert frå Luva i Norskehavet og fram til gassmottaket i Nyhavna i Møre og Romsdal. Frå Nyhavna går det i dag røyrleidning til England.

  2. kart med rørledninger ny.psd

Publisert: