Sparinga

DRØSET: Han hadde lurt på kva han eigentleg sparte til. Så fekk han svaret.

Illustrasjonsfoto
Publisert: Publisert:
iconDrøset
Drøset er et daglig skråblikk skrevet av utvalgte journalister i Aftenbladet.

Han gjorde så godt han kunne. Gjekk på jobb kvar dag. Fekk lønna si den 25. Var ikkje noko økonomisk øydeland. Prøvde å spara litt kvar månad. Høyrde på Halgeir Kvadsheim og dei, prøvde å vera eit fornuftig menneske, skulle aldri bli caset i «Luksusfellen».

Men dei siste par åra hadde han begynt å stilla seg sjølv eit litt uventa spørsmål: Kva var det eigentleg han sparte til?

Dei hadde jo både hus, bil og hytte. Han mangla ingenting. I tillegg hadde han ingen av desse dyre hobbyane menn i hans situasjon gjerne hadde. Sykling på syklar med tynne dekk. Vinsamling i kjellaren. Fotballturar til Manchester eller Liverpool. Laksefiske i Tana. Motorsykkel. Midtlivskrise. Eller sparte han til han blei 60? 70? 80?

Han hadde ikkje sett seg imot oppgraderingsprosjektet Hu sjøl hadde ivra for på hytta. Han var lei av å dusja på seg eksem i brunt takvatn. Lei av enorme oppvaskar for hand. Av å dra både skitentøy og vedsekkar opp og ned bakken til parkeringsplassen. Det ville sjølvsagt kosta litt å få innlagt vatn og kloakk, men det var ei investering i framtida.

Og når dei først var i gang med alt utstyret sitt, var det jo like greitt å få bygd bilveg heilt ned til hytta. Pluss ein parkeringsplass.

Han var, som alltid, under middels interessert i alt det praktiske rundt byggeprosessen. Men kona tok på seg prosjektleiaransvaret med liv og lyst – og frustrasjonen som følgjer med handverkarar som ikkje møter opp. Dermed merka han ikkje anna til oppgraderinga enn at det skjedde. At hytta blei ein meir leveleg plass.

Dei betalte etter kvart. Entreprenøren. Røyrleggjaren. Elektrikaren som aldri tok telefonen. Det var dyrt, men han tenkte at prosjektet var overkomeleg.

Så fekk dei rekninga for 50 meter grusveg. Først tenkte han at dei hadde rota med desimalane, at det skulle stått eit komma ein eller annan stad mellom dei seks tala. Men nei.

Til gjengjeld visste han nå kva han hadde spart til i alle desse åra: Gravemaskin og grus.

Publisert: