Valets kval

DRØSET: Dei neste vekene blei avgjerande.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Han visste det godt. Vala dei gjorde dei komande vekene ville ha store konsekvensar. Det valet han gjorde på måndag, til dømes, ville ikkje berre bety noko for akkurat den dagen, men ha store ringverknader for mange andre dagar, langt fram i tid.

Han klarte ikkje å bestemma seg for om han likte eller mislikte det mest. På den eine sida kjendest det som eit mas å måtta ta stilling til så mykje, med så skarpe tidsfristar. På den andre sida kjendest det frigjerande. Det gav han ein slags energi å måtta bestemma seg, ta grep, ikkje berre halda fram med denne evige prokrastineringa.

(Han var glad for at han endeleg hadde forstått kva ordet «prokrastinering» betydde. Han hadde levd det meste av livet utan å vita. «Prokrastinering» var eit flott ord.)

Han gjekk til valet med stort alvor – men samtidig med ei kriblande og lett kjensle i kroppen.

Han opna døra, eit kaldt gufs slo imot han. Han såg inn i boksen framfor seg. Her var, strengt tatt, altfor mykje å velja mellom. «For ein latterleg tanke,» tenkte han, så snart tanken var tenkt. Skulle han stå her og klaga over at det var for mykje å velja mellom! Makan til i-landsproblematikk, til fornem naud, til bortskjemt sutring! Tenk på alle dei som ikkje hadde noko å velja mellom! Nei, nå måtte han ta seg saman!

Likevel. Det var jo dette som var valets kval. At det var så mykje å velja mellom. At det var så vanskeleg å bestemma seg. Hadde det vore ingenting å velja mellom, eller berre eitt alternativ, ville det jo ikkje vore noko problem. Då hadde han enten sleppt unna heile problemstillinga, eller umiddelbart visst kva han skulle velja.

Men nå stod han altså her. Og måtte ta eit val. Gjorde han det ikkje, ville det bli kaos. Klarte dei ikkje å bruka opp noko av alt som nå fylte opp alle fryseboksane, av syltetøy, safter, middagsrestar, kyllinglår kjøpt på tilbod, fiskegratengar og innfrosen sopp, ville dei ikkje ha plass til all eplejusen dei snart ville måtta frysa ned.

Så: Kva – frå frysen – skulle dei ha til middag den neste veka?

Publisert:

Drøset Z

  1. Han prøvde alt han kunne å få opp kjøpe­presset. Det gjekk dårleg

  2. November? Nei, takk

  3. – Ehm, vil du prøva pick up-en min, sa Slags­mål

  4. I år skulle han laga ekte eple­sider. Det var jo så enkelt

  5. Dei hadde visst fått eit nytt regime for plassering av sko

  6. Skulle han måtta stela sin eigen sykkel nå?

  1. Drøset Z