November

DRØSET: November? Nei, takk.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Ute regna det. Sjølvsagt regna det. Han kunne høyra sildringa og drypinga allereie då klokka ringde og han vakna, utsliten.

Han kjempa seg opp. Opna gardinene. Ute var det mørkt. Sjølvsagt var det mørkt. Så mørkt at det var uråd å få svar på det store, daglege spørsmålet: Kor mykje regna det?

Då han gjorde seg klar for å gå på jobben, i det daglege kaoset av ranslar, matboksar, dårleg tid og den evige diskusjonen om regnjakke og goretexsko eller ei – det var jo uråd å avgjera kor mykje det regna – måtte han ta stilling til neste kompliserte spørsmål: Var det kaldt ute?

Innanfrå såg det både ut til å regna mykje – og vera kaldt. Alt dette tilsa tjukke klede, regnjakker og sko som handterte vatn – sjølv om ungane protesterte.

Men tussmørket der ute var lunefullt. Og då han nok ein morgon tok steget ut i verda, var realiteten at det dryssa bitte små dropar, nærmast som ein tjukk damp, og at det var varmare enn ein gjennomsnittleg 17. mai. Han hadde kledd seg for tjukt, og ungane var altfor vasstette. Det gjekk under eit minutt før han begynte å dampa – innanfrå.

På kontoret var det merkeleg tomt og stille. I ein normal november skulle her vore tjukt av folk i altfor varme genserar, haustens hosting og snyting, raudkanta auge og bleik hud som lengta etter sol. Nå var her nesten ingen. Eit kremt var nok til å halda folk heime.

Han prøvde å taima heimturen til eit mellomrom mellom dei mest intense regnbyene. Det gjekk bra. Heilt til han var halvvegs.

Heldigvis var regnfrakken ganske lang. Til gjengjeld samla jakka saman masse dropar som blei til rennande elver som gjorde buksa hans om til ein kald, klistrete masse.

Han hadde ein gong hatt ein ambisjon om å vera litt kreativ på middagsfronten. Nå hugsa han ikkje sist han hadde hatt ein ny idé.

Etter middag måtte hunden ha tur. Ute regna det. Sjølvsagt regna det. Og så hadde det blitt mørkt igjen, sjølvsagt hadde det blitt mørkt igjen. Det var uråd å sjå om det regna mykje. Eller om det hadde blitt kaldare.

November? Nei, takk.

Publisert:

Drøset Z

  1. November? Nei, takk

  2. – Ehm, vil du prøva pick up-en min, sa Slags­mål

  3. I år skulle han laga ekte eple­sider. Det var jo så enkelt

  4. Dei hadde visst fått eit nytt regime for plassering av sko

  5. Skulle han måtta stela sin eigen sykkel nå?

  6. Han kunne ikkje gå i juni­jakke i oktober

  1. Drøset Z
  2. Drøset