Den inneklemte

DRØSET: Kunne ein mandag vera ein inneklemt dag? Han var skeptisk.

Inneklemte kviledagar måtte koma etter, og ikkje før, 17. mai.
  • Han
    Han
Publisert: Publisert:

Det burde vore nokre generelle, overordna prinsipp rundt inneklemte dagar. Gjerne i lovs form.

Til dømes burde det finnast ei lov som sa at inneklemte dagar alltid skulle vera på ein fredag. Andre ledd i lovteksten burde seia noko om rekkefølge for inneklemte dagar, slik at ein sikra at den inneklemte kom etter, og ikkje før, sjølve festdagen.

«Inneklemt» høyrdest i seg sjølv ikkje veldig positivt ut. Det kunne liknast med minusord som «innelåst», «inneslutta» eller «innebandy». «Inne» var i seg sjølv ikkje eit negativt lada ord, like lite som «klem» plent var negativt i alle samanhengar. Men sett saman danna dei to orda eit bilete av ein dag som liksom hadde pressa seg inn, mot dei andre daganes vilje, som eit framandelement i kalenderens firkanta orden.

Realiteten var likevel at inneklemte dagar kunne vera noko av det vakraste som fanst, særleg om du ikkje var sjef og hadde ansvar for produksjon, effektivitet, kontinuitet og andre lammande kjedelege ting. Han hadde hatt mang ei langhelg på mang ein stad på mang ein inneklemt dag.

Men då var det altså eit poeng at den inneklemte kom på ein fredag. Og at det ikkje var 17. mai dagen etter.

Brot med dette prinsippet førte til at det berre blei rot. Som i år. For det første kom det som ei komplett overrasking på han at 16. mai var inneklemt dag, sidan det var snakk om ein mandag. Dermed måtte han først jobba. Så måtte han jobba endå meir, handla, laga mat, stryka husets bunadsskjorter. I staden for ein fridag, var denne inneklemte dobbel arbeidsdag. Fordi den inneklemte kom i forkant av festdagen, og dermed, strengt tatt, ikkje kunne reknast som ekte inneklemt dag.

Så skulle dei gjennomføra 17. mai. Gåing. Ståing. Samtalar om ingenting i skulegarden. Sitja i hagen til naboen og drikka bobler. Stupa utsliten til sengs.

Så kom det aller mest absurde: Neste dag måtte han stå opp klokka sju! For der hadde kalenderen klemt inn ein heilt vanleg dag! På det som burde vore ein inneklemt kviledag.

Publisert:

Drøset Han

  1. Snart tid for ferie. Eller: «Ferie»

  2. Kor mange kolli burde ein pakka for to dagar på tur?

  3. – Revers er eit fint gir. Men det finst ingen­ting som heiter dobbel revers

  4. Billig straum for ein dag! Her var det om å gjera å bruka watt!

  5. Han hadde fått i opp­drag å bona døra. Mission impossible

  6. Kunne ein mandag vera ein inne­klemt dag? Han var skeptisk

  1. Drøset Han
  2. 17. mai