Amerikansken

DRØSET: Engelsk var heilt klart det beste arbeidsspråket i Norge. Men kva slags engelsk?

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

«It is with a feeling of great positivity that we disclose our results achieved in the first quarter of this year, which we have defined as the year of rebalancing.»

Direktøren for det heile las den lange setningen og prøvde samtidig å sjå inn i kamera på laptopen. Men setningen var for lang. Og kameraet var plassert for høgt på skjermen. Direktøren klarte ikkje å få direkte blikkontakt med dei andre på digitalkonferansen om vekst og framgang i marknaden. Eller «growth og revenue», som det jo heitte.

Verre enn det manglande faste blikket i kamera - som Direktøren frykta ville gi eit litt vagt og vinglete inntrykk - var melodien i språket. For under heile innlegget sitt høyrde Direktøren seg sjølv snakka engelsk ... som ein nordmann.

Direktøren for det heile var ein sann forsvarar av engelsk som arbeidsspråk i Norge. Problemet var at folk snakka så dårleg engelsk. Direktørane og konsulentane med dyre skjorter og klassiske drakter høyrdest rett og slett ikkje engelske ut. Eller amerikanske, for den saks skuld. Dei høyrdest ut som dei var frå Oslo. Eller frå Bergen. Eller København. Eller Stockholm. Det var patetisk.

Direktøren for det heile hadde vore på utveksling i Amerika i ungdommen - og kome tilbake til det forgjetta landet som økonomistudent. Direktøren kunne dermed snakka engelsk med amerikansk aksent - og faktisk høyrast amerikansk ut.

Men det grenselaust irriterande var at Direktøren for det heile tilsynelatande var ute av stand til å gjera dette i møte med sine skandinaviske kolleger. Dess dårligare strategikonsulenten frå Bærum snakka engelsk, dess dårlegare snakka Direktøren for det heile. Det var som om alle norskingane og skandinavane drog kvarandre nedover språkleg, påverka kvarandre gjensidig, heilt til heile gjengen høyrdest ut som kokken i Muppet Show. Eller Thor Heyerdahl. Eller Jens Stoltenberg.

Men Direktøren for det heile heldt fast på at det einaste logiske arbeidsspråket i Norge, var engelsk. Heller dårlig engelsk enn godt norsk.

Publisert:

Drøset Z

  1. Han klinte svart skokrem ut over teppet, trappa, kluten og handa

  2. Det var viktig å få ein god start på dagen

  3. Heller dårlig engelsk enn godt norsk

  4. Engelsk var heilt klart det beste arbeids­språket i Norge

  5. Dei fekk kaffimaskinen til bryllaupet. 16 år seinare var det slutt på dampen

  6. Så det var altså slik lukke såg ut. Dag og natt i balanse. Eit liv der alle dagar var like

  1. Drøset Z
  2. Drøset