Festen

DRØSET: Fest. Ja, korleis fungerte det, nå igjen?

  • Han
    Han
Publisert: Publisert:

Han var invitert til fest. Invitasjonen hadde kome for lenge sidan, ein invitasjon blant mange som flimra forbi i facebook-feeden, arrangement folk stelte i stand, men som han sjeldan kom seg på.

Festen skulle eigentleg vore gjennomført for lenge sidan, før koronaen, eller i eitt av dei korte glimta der det gjekk an å møtast, før det plutseleg ikkje var mogleg likevel og alt måtte utsetjast endå ein gong.

Etter to år med utsetjingar og avlysingar var det som om folk hadde kome litt utav å gå ut. Det var vanskeleg å selja billettar og trekka folk nå når alt var opna opp igjen. Han tykte det var rart. Men strengt tatt var det ikkje nødvendig å gå lenger enn til seg sjølv for å finna eitt av svara på kvifor: Etter eit par år heime, var han blitt meir heimekjær. Det skulle meir til for at han gjekk ut.

Det var kanskje derfor denne festinvitasjonen låg der og klødde litt ekstra. For når hadde han sist vore på ein skikkeleg fest? Burde han koma seg ut av heimekokongen? I invitasjonen stod det til og med at det skulle dansast. Når hadde han sist dansa?

Han såg gjennom lista over dei som hadde meldt seg på. Her var ganske mange bekjente. Mange han hadde sett mange gonger før, før alle måtte halda seg heime, før alle festar blei avlyste. Men nå var det så lenge han hadde sett dei. Kjente dei kvarandre lenger? Hadde dei noko å snakka om?

Eller, forresten. Fest var jo ikkje seminar. Det stod i invitasjonen at det skulle dansast!

Det slo han at han ikkje heilt visste korleis ein gjekk på fest lenger. Når møtte ein opp? Hadde ein vorspiel? Korleis kledde ein seg? Kunne han i det heile tatt dette med festing lenger?

Og så skulle det altså dansast. Han var ikkje ein sånn som dansa. Eller: Han var ein sånn som veldig sjeldan dansa. Og når han først gjorde det - akkurat der og då kunne det kjennast både rett og naturleg - var det jamt over eit dårlig teikn. Eit forvarsel om at neste dag kom til å bli veldig tung.

Ikkje visste han korleis ein festa lenger. Ikkje var han ein dansar.

Han tenkte seg om ein siste gong. Så meldte han seg på.

Publisert:

Drøset Han

  1. Kunne ein mandag vera ein inne­klemt dag? Han var skeptisk

  2. Fest. Ja, korleis fungerte det, nå igjen?

  3. Kjendisen blei, logisk nok, gjen­kjent

  4. Det var komplisert å prøva å vera eit anstendig menneske

  5. Kven fann på at det måtte vera 43 grader på hotell­rommet?

  6. Dei hadde kome til den kompliserte og forvirrande årstida

  1. Drøset Han
  2. Fest
  3. Drøset