Regjeringa

DRØSET: Nå var det dei to. Slagsmål Vedum og Graah Støre. Berre dei to.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

– Me må finna vårt raison d'être, sa Graah Støre, og myste ut over dei skogkledde åsane. Dei hadde gått eit stykke langs turvegen, innover og oppover i haustfargane. Det hadde gnissa synkront i allværsjakkane deira. Nå hadde dei nådd toppen. Det var tid for ein pust i bakken.

Graah Støre festa ei hand på kvar hofte, roterte svakt. Ryggen var stiv etter så mange timar med sitting. Det var godt å få strekt ut litt. Godt å få byta ut den innestengde hotellufta med klar og kald norsk haustluft.

Slagsmål Vedum la peikefingeren mot høgre nasebor, bøyde seg litt fram og prøvde å snyta seg ut av det venstre. Det gjekk ikkje så bra. Han fekk litt snott på fingrane, tørka av seg på dongeribuksa av gammal vane. Litt snørr frå eller til gjorde ikkje noko i kjeledressen frå Felleskjøpet, men det var kanskje ikkje så statsmannsaktig å tørka av seg på dongeri? Drit i, tenkte Slagsmål.

– Eg elskar når du snakkar fransk, sa han.

Det oppstod ei stille mellom dei to.

– Eg tykkjer fransk er det mest sensuelle språket som finst, la han til.

Vraiment? sa Graah. Det var meint spøkefullt, som eit slags svar på den komande regjeringskollegaens kjærleikserklæring til det franske språket, ein slags metakommentar.

Men så snart han såg at Slagsmål ikkje forstod, skunda han seg å seia det på norsk: «Verkeleg?». Graah håpa at vennen – ja, han ville gå så langt nå, som til å kalla Slagsmål ein venn – ikkje skulle føla seg ille til mote, berre fordi han ikkje snakka fransk. Han ville ikkje at det skulle vera ein slik avstand mellom dei to.

– Eg las jo ein del Bourdieu då eg studerte sosiologi, men aldri på originalspråket. Eg hugsar at eg tenkte at det ville vore så moro. Å kunna lesa om habitus – på fransk, sa Slagsmål.

Graah pusta letta ut og svarte:

– Bourdieus oeuvre er fantastisk.

Det blei stille igjen mellom dei to.

– Er det greitt at eg gir deg ein klem, spurte Slagsmål.

Graah sa ingenting. Snudde seg berre. La armane rundt Slagsmål, som gjorde det same med Graah. Det gnissa svakt mellom allværsjakkane.

Bien sûr, sa Graah.

Bien sûr, sa Slagsmål.

Publisert:

Drøset Z

  1. Han kunne ikkje gå i junijakke i oktober

  2. – Eg elskar når du snakkar fransk, sa Slags­mål Vedum

  3. Kva skulle til for å skrua i ei lys­pære?

  4. Så det var altså slik livet etter pandemien skulle vera. Smertefullt

  5. Direktøren for det heile hadde ikkje for vane å tenkja på Nils Arne Eggen.

  6. Det var visst ekstra vanskeleg å velja i år

  1. Drøset Z
  2. Drøset