Engelsken

DRØSET: Engelsk var heilt klart det beste arbeidsspråket i Norge.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

«Preliminary calculations show a result of several million in Q1,» stod det på arket Direktøren for det heile hadde printa ut til den digitale konferansen.

Men nå kom plutseleg Direktøren litt i tvil. Hadde Google Translate rett? Skulle det stått «millions»?

«Fleire millionar» var jo fleirtal på norsk, Direktøren for det heile hadde eit vagt minne frå vidaregåande om pluralis. Då skulle det vel vera ein «s» med på engelsk, sidan det foreløpige overskotet altså såg ut til å bli på fleire millionar og ikkje berre éin? Eller skulle det vera «million» utan «s»?

Det som var dumt, var at desse tankane slo ned i Direktørens hovud midt i foredraget. Fleire gonger gjennom dagskonferansen hadde Direktøren for det heile irritert seg over korleis fleire av dei nordiske deltakarane både stotra og stamma på skuleengelsken sin. Og ikkje minst over kor mykje feil dei sa. Folk rota med eintal og fleirtal, med å bøya verba rett. Ein innleiar hadde sagt «she work» i eit foredrag fullt av foilar med bittelita skrift det var uråd å lesa på laptopen.

Direktøren for det heile var ein varm forsvarar av engelsk som arbeidsspråk. Ei kvar norsk bedrift med internasjonale ambisjonar burde kommunisera på engelsk for å gi eit viktig signal nettopp om at ein var internasjonal. Det var det einaste logiske.

Norsk var eit provinsielt språk. Norsk var ikkje framtida. På verdsbasis var det nesten ingen som snakka norsk. Norske bedrifter kunne ikkje forventa at verda skulle tilpassa seg dei, men måtte sjølv tilpassa seg verda.

Direktøren for det heile forstod rett nok både kva nordmenn frå ulike delar av landet sa, men faktisk også både svenskane og danskane som var med på konferansen når dei snakka norsk og dansk. Men det kjendest meir seriøst at dei alle snakka engelsk når dei møttest på konferanse. Det irriterande var berre at så mange snakka så dårleg engelsk.

Direktøren for det heile måtte vidare før dette blei for pinleg, og tok sats:

– Perlimni ... prelimnia ... pre-limin ... pre-linea ...

Det var som svarte! Korleis uttalte ein eigentleg «preliminary»!?

Publisert:

Drøset Z

  1. Han klinte svart skokrem ut over teppet, trappa, kluten og handa

  2. Det var viktig å få ein god start på dagen

  3. Heller dårlig engelsk enn godt norsk

  4. Engelsk var heilt klart det beste arbeids­språket i Norge

  5. Dei fekk kaffimaskinen til bryllaupet. 16 år seinare var det slutt på dampen

  6. Så det var altså slik lukke såg ut. Dag og natt i balanse. Eit liv der alle dagar var like

  1. Drøset Z
  2. Google Translate
  3. Drøset