Dyre strøm, ja

DRØSET: Mykje lys og mykje varme.

  • Letolin
    Letolin
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDrøset
Drøset er et daglig skråblikk skrevet av utvalgte journalister i Aftenbladet.

– An e dyre nå, strømmen. Må sei det.

– Ja, jo, strøm e’kje billigt, nei.

– Eg har slutta å dusja. Har ikkje råd te det lenger.

– Ikkje eg heller. Ikkje oppvaskmaskin heller. Oppvasken sedde eg bare ut når naboen vaske bilen, så satse eg på at det skvette någe vann og såba på kjørlene.

– Ja, nei, kan ikkje lada el-bilen heller nå. Når heile storfamilen ska på tur, feste me el-bilen i et slepetau og trekk’an itte dieselbilen.

– Akkurat. Og varmen e av i heila huset. Eg går med ull. To lag, pluss et ullpledd.

– Eg har og ull, og pledd. Og ein sovepåse eg trekke øve meg.

– Eg har etterisolert ein joggedress med någe Glava eg hadde liggane. Det klør kolossalt, men du blir varme av å klø.

– Å koga egg te frokost e heilt uaktuelt for meg. Eg sove med et par egg onna dynå, så satse eg på at det har stivna någe te når eg våkne.

– Du satse på ...

– At egget har stivna, ja.

– Akkurat, ja. I går gnei eg ei kotelett mellom nevane te hu va varme nok te å spisa. Eg har’kje råd te å bruga steigeovnen.

– Iskaffi har me begynt med.

– Sånn goe, sånn som i Syden?

– Nei, sånn ringe. Blåe Coop-kaffi med kaldt vann. Biringt, men billigt.

– Akkurat. Me ser ikkje på fjernsyn heller. Kånå har någe opptrinn der hu mime forskjellige dyr, så tippe eg ka det e. Som regel e det hjort eller gnu. Så synge hu et par vers av «Mykje lys og mykje varme».

– Varme det?

– Hu blir jaffal nokså kokte. I går foreslo eg å legga et egg på na, mens hu sang, i håp om å få et steikt egg, men de ville hu ikkje.

– Eg hadde bursdag i går, og då fekk eg et kort der det sto «Varme tanker» på.

– Såpass, ja.

– Me fyrte det opp i peisen, og gu kor me koste oss i 8–10 sekund.

– Eg vurdere å gå i banken og ta ud et par millionar og fyra i peisen med di.

– Ja, enn blir jo kreative når nøden melde seg.

Publisert: