Pandemien, dag 10

DRØSET: Dei hadde flytta inn i huset med det rare i.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Sett utanfrå, såg huset deira ut som eit heilt vanleg hus. Men inni var alt blitt annleis.

Nede i kjellaren, i det som til vanleg var ei kombinert kjellarstove og husrom for overnattingsgjester, hadde den store mediebedrifta Schibsted flytta inn. Mellom eit elektronisk trommesett (som burde blitt brukt meir), ein kirsebærraud heavygitar frå tidleg 90-tal (som burde blitt brukt meir), tre fjernkontrollar til PlayStation 4 (som burde blitt brukt mindre) og ein del uferdige hobbyprosjekt, bala den fjerde statsmakt med store spørsmål rundt korona, kroner og kultur.

I 1. etasje hadde kjøkkenet blitt omdanna til klasserom for 3b ved Nylund skole. Mellom frukosttallerkar, hevande brøddeigar, sprengfulle kjøleskap og ei logrande bikkje hadde mora over natta blitt lærar for heimeundervisning, og fekk dagleg testa kor lenge ein 8 år gammal gut klarer å konsentrera seg om gongen. Kor mange minutt. Kor mange sekund. Kor i Afrika låg nå igjen Tanzania, som han akkurat hadde lese om? Kva heitte eigentleg verdas største kontinent? Kunne det vera Norge?

I 2. etasje hadde tenåringshula blitt ein avdeling av St. Svithuns ungdomsskole. Der kjempa 1/25-del av 8b med likningar, ein tekst om geysiranes rolle på Island – og nokre litt meir forvirrande ting:

– Kva har du hatt om i dag, spurte faren då familien møttest til lunsj klokka 11.30 i 3b/kjøkkenet – på tvers av etasjar, klassar og jobbsituasjon

– Eg har hatt KRLE. Om biotiske og abiotiske faktorar, opplyste tenåringen.

Faren tygde litt på det heimebakte brødet. Prøvde å hugsa tilbake på si eiga religionsundervisning. Den hadde tydelegvis vore mangelfull. Eller så hadde dei blitt mykje meir avanserte i 2020. Han hadde aldri høyrt om biotiske og abiotiske faktorar i religion.

– Jaha. Kva er biotiske faktorar i KRLE? spurte han.

– Eh. Eg blanda visst. Me har same lærar i KRLE og naturfag, så det går av og til litt i ball. Biotiske faktorar er naturfag.

– Aha!

– Veit du kva det er då?

– Nei.

Publisert:
  1. Drøset
  2. Koronaviruset

Mest lest akkurat nå

  1. Går inn for å forlenge smitte­vern­tiltakene i Stavanger til 8. februar: - Situasjonen er fortsatt svært alvorlig

  2. Bor du i borettslag, i Smeaheia, i Bjergsted, på Hinna eller har du hus i naturfarge? Da bør du lese dette

  3. Parkeringskaos i Brekko – politiet ber turfolk vise hensyn

  4. Matvognen måtte etter­fylle tre ganger sist helg: Hytte­folket vil ha middag med til fjell­heimen

  5. Fine skiforhold i Sirdal, men ekstrem­kulde ødelegger idyllen

  6. Søstrenes idyll i Ryfylke er truet av utbyggingsprosjekt: - Helt vanvittig