Omslaget

DRØSET: Livet var uendeleg komplisert. Folk skulle berre prøvd. Å kle på seg sjølv.

Det var haust. Men var det varmt eller kaldt?
Publisert: Publisert:

Sommaren kom då det formelt sett skulle vore haust. Han hadde sett på datoen i staden for gradestokken nokre dagar tidleg i september, kledd seg og kome sveitt både på jobb og heim igjen.

Dermed hadde han kasta både jakka og langermaren. Han hadde gjennomført den daglege spaserturen til og frå jobb i t-skjorte, som om det skulle vore juli. Det hadde vore bitte litt kulse på morgonen, men akkurat passe på veg heim. Ettermiddagen på terrassen hadde han knapt hatt på klede. Og framleis vore varm. Sjølv om det altså var haust – formelt sett.

Så slo kaoset inn. Meteorologane var dei første profetane. (Det var strengt tatt jobben deira.) Dei peika på lågtrykk og regnbyer som skulle koma, mens det framleis var sol ute. Ute i horisonten såg han skyene samla seg. Det var på tide å leggja om.

Den første dagen i tjukke klede blei eit styr. Han blei klissvåt, ikkje av regn, men av kroppens kondens. Halvvegs heim etter jobb måtte han ta av jakka og leggja henne over armen. Slik blei han gåande, dag etter dag, full av temperaturmessig forvirring. Han hadde blitt ein mann – ein mann i sin nest beste alder – som bar rundt på sine eigne klede gjennom gatene. Som eit menneske som ikkje kunne kle seg. Som ein tosk.

Feiltemperert og rasande prøvde han å kompensera då han skulle gå den daglege runden med hunden. Han var så varm at han sporenstreks bestemte seg for at ettermiddagsturen skulle gjennomførast i shorts og t-skjorte.

Men allereie etter nokre få hundre meter, var han kald. Og det blei ikkje betre i blesten langs fjorden. Den naive optimismen kledde han heller ikkje. Det var ikkje sommar lenger. Men så var det jo heller ikkje skikkeleg haust.

Nattetid låg han vaken under den tynne silkedyna han hadde funne fram då dundyna blei altfor varm i vår. Nå frøys han. Så var det plutseleg akkurat passe. Så var han for varm.

Han gleda seg til det endeleg kunne vera enten varmt eller enten kaldt, ikkje både kaldt og varmt på éin gong. Livet var komplisert nok som det var.

Publisert: