T-skjorta

DRØSET: Pappa. Mannen. Myten. Legenden. Not.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

– Ja vel, pappa. Så du valde å ta på deg den t-skjorta i dag? sa fjortisen, syrleg som ein nyplukka rabarbrastilk.

– Ja, det har jo ikkje vore så mykje t-skjortevêr så langt i år, svarte han.

Fjortisen sukka slik berre eit menneske som har levd 175 år kan sukka. Å, desse menneska! Å, desse dårene!

– Du er vel både stolt og glad for at eg tok på akkurat denne t-skjorta i dag, sa han.

Fjortisen såg på han som om han hadde bede henne forklara – og løysa – Goldbachs formodning, eit av matematikkens eldste, uløyste problem. Det var tydelegvis det mest uforståelege ho hadde høyrt. I alle fall så langt i dag. (Men dagen var enno ung.)

T-skjorta hadde lege i klesskapet nokre månader nå. Ho var svart, men med blå og kvit skrift. «PAPPA», stod det øvst, i svære blå bokstavar.

Og under, i litt mindre, men likevel tydelege, store bokstavar stod det:

MANNEN

MYTEN

LEGENDEN

Fjortisen snøfta. Det var tydeleg at ho ikkje heilt klarte å avgjera om det var mest pinleg eller mest trist at faren gjekk rundt i det offentlege rommet med denne skrifta på brystet. At ho – avkomet til denne boomeren heilt blotta for smak og skam – risikerte å bli sett saman med han. Og – skrekk og gru! – at ho risikerte at nokon kunne tru at dei var i slekt!

Han skaut brystkassa, og ikkje minst magen, ut og fram, slik at skrifta på kroppen kunne koma ekstra tydeleg fram.

– Ja, eg tenkte at akkurat du ville bli ekstra glad over at eg tok på akkurat denne t-skjorta.

– Kva i himmelens namn fekk deg til å tru det?

– Eg har jo fått henne av deg.

– Av meg!?

– Ja. Til jul.

Han hadde aldri sett ein tydelegare manifestasjon av vantru enn i fjortisens kropp og ansikt.

– Ja, for det er vel ikkje sånn at det er mor di som har kjøpt julegåvene til meg frå deg?

Publisert:

Drøset Z

  1. Tenk om nokon kunne tru at fjortisen og faren var i slekt! Skrekk og gru!

  2. Dette var den sida av utelivet han hadde gløymt i korona­isola­sjonen. Andre menneske

  3. Han klinte svart skokrem ut over teppet, trappa, kluten og handa

  4. Det var viktig å få ein god start på dagen

  5. Heller dårlig engelsk enn godt norsk

  6. Engelsk var heilt klart det beste arbeids­språket i Norge

  1. Drøset Z
  2. Drøset