Bøkene

DRØSET: Å fjerna bøkene var som å fjerna små kroppsdelar.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

– Har du lese denne?

Ho heldt opp Georg Johannesens «Moralske tekster».

– Eh, nei.

– Kjem du til å lesa henne?

– Det var planen, ja.

– Men kjem du til å lesa henne? Nei. Då går ho i haugen som skal ut.

Haugen av bøker som skulle ut hadde allereie blitt til fleire haugar. I nok eit anfall av verketrong hadde Ho bestemt at dei skulle rydda i bokhyllene. Berre fordi det låg stablar av bøker over heile huset og hyllene var sprengfulle.

Han var – i prinsippet – ein sterk tilhengar av å kvitta seg med ting. Det var verre i praksis:

– Du kan ikkje kasta den!

– «Statsvitenskap. Innføring i politisk analyse»? Har du lese henne?

– Ja! Det er jo heile innføringa i politisk analyse, heile innføringa i faget mitt!

– Skal du lesa henne igjen?

– Eh, kanskje?

Skal du lesa henne igjen?

– Samma det. Den boka eg ha.

Øyvind Østeruds klassikar frå 1991 hamna i den skrinne haugen av bøker som skulle få bli.

– Kva skal du eigentleg med alle desse bøkene? Og med alle dei andre bøkene du kjem dragande med heile tida?

Han hadde ikkje noko godt svar. Når sant skulle seiast, hadde han ikkje lese mesteparten av bøkene som var overalt i huset. Planen hadde alltid vore å lesa dei. Men realiteten var at det var tvilsamt om det nokon gong kom til å skje.

Så skulle han behalda bøkene, sånn i tilfelle han ein vakker dag likevel skulle få tid?

Og kva med alle dei bøkene han hadde lese? Han las aldri ei bok to gonger. Akkurat som han aldri såg ein film to gonger. Livet var for kort. Det fanst så mange bøker og filmar han burde gitt seg i kast med. Det kom heile tida nye. Så kvifor behalda ein haug leste bøker han aldri kom til å lesa igjen?

Han hadde ikkje noko godt svar på dette heller. Ut over at det kjendest litt som å kutta bort ein liten del av kroppen og livet sitt om han skulle begynna å kasta bøker som ein gong i livet hadde vore så viktige for han.

– Denne då, sa ho oppgitt, og løfta opp Ottar Helleviks innføringsbok i kvantitativ metode i samfunnsvitskapen. Den hadde vore eit merakkels å koma seg gjennom.

– Den skal ut.

Publisert:
  1. Drøset

Mest lest akkurat nå

  1. Nye tilfeller mandag kveld: 47 smittede og minst 920 i karantene ved skoler og barnehager i Stavanger

  2. Kvinne (18) til sykehus etter ulykke i Sola

  3. Hva skjer med smittetallene i Stavanger? Smittevernoverlegen forklarer

  4. – Jeg går bare mye dypere inn i depresjon

  5. Ansatt smittet på sykehjem i Stavanger

  6. Statsministerens kontor lar Bent Høies påskestunt passere