Haustjakka

DRØSET: Han var varm. Så blei han kald. Så blei han både varm og kald.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Klimaendringane, ja. Vår tids største utfordring. Det var ikkje lenger noko vagt, fjernt eller teoretisk. Det var noko ein kunne kjenna på kroppen. Nærmare bestemt: Han kunne kjenna det på kroppen.

Her var det ikkje snakk om å halda seg innanfor ein temperaturauke på berre 1,5 grader. Han hadde allereie sprengt to-gradersmålet med god margin. Det kjendest som om temperaturen på kloden som utgjorde kroppen hans hadde gått opp med ti grader – minst.

Han drog ned glidelåsen på jakka. Den slitne, gamle og tynne dongerijakka hadde vore tilstrekkeleg gjennom både sein vår, sommar og tidleg haust. Men nå var det oktober, og då kunne han ikkje gå rundt i junijakke.

Derfor hadde han teke fram haustjakka. I den skarpe morgonlufta hadde det fungert fint. Men nå var det ettermiddag og han skulle heim frå jobb. Sola skein. Temperaturen hadde gått opp. Inne i den tjukkare jakka hadde sveitten begynt å sila. Heilt fram til han drog ned glidelåsen og fekk eit velsigna pust kjølig luft inn på kroppen igjen.

Eit par hundre meter lenger borti gata kjende han korleis den kalde lufta var i ferd med å kjøla ned mage og bryst gjennom den opne jakka. Endeleg nærma han seg ein slags balanse i sitt indre klimarekneskap.

Samtidig kjende han med ei begynnande uro at balansen allereie var på veg ut av likevekt: Han var i ferd med å bli kald i den opne halsen. For kald. Og, av erfaring, visste han godt at om det var éin ting ein skulle vakta seg for, så var det å bli kald i halsen.

Den dramatiske nedkjølinga av halsen skjedde parallelt med at mage og bryst kjendest passe temperert. Men på ryggen var det full fyr. Han visste ikkje om det var haustjakka eller den vesle ryggsekken – eller ein kombinasjon – som gjorde det, men han kunne kjenna korleis det brann på ryggen. Korleis strie straumar sveitte silte nedetter flanken hans.

Han stoppa, midt på fortauet. Reiv av seg ryggsekken. Baksa av seg jakka. Følte seg som ein karakter i ein Dag Solstad-roman. Pusta ut. Og blei iskald.

Publisert:

Drøset Z

  1. – Så: Kva ønsker du deg til jul i år, då?

  2. Han prøvde alt han kunne å få opp kjøpe­presset. Det gjekk dårleg

  3. November? Nei, takk

  4. – Ehm, vil du prøva pick up-en min, sa Slags­mål

  5. I år skulle han laga ekte eple­sider. Det var jo så enkelt

  6. Dei hadde visst fått eit nytt regime for plassering av sko

  1. Drøset Z
  2. Drøset