Elektrisiteten

DRØSET: Billig straum for ein dag! Her var det om å gjera å bruka watt!

Publisert: Publisert:
iconDrøset
Drøset er et daglig skråblikk skrevet av utvalgte journalister i Aftenbladet.

Etter ein lang vinter og vår med elleville prisar på elektrisitet, var endeleg dagen komen. Prisrekord etter prisrekord hadde falle gjennom dei kalde og mørke månadane. Men denne helga skulle plutseleg ein heilt ny situasjon oppstå: Ut av det blå skulle straumen bli så billig at folk i praksis ville få betalt for watten dei brukte.

Han forstod like lite av korleis dette var mogleg som han forstod noko av korleis straumen plutseleg kunne kosta ti gonger så mykje som normalt. Eller korleis den norske straumen kunne kosta ti gonger så mykje som normalt sør for Stad, men mindre enn normalt frå Midt-Norge og nordover. Samtidig.

Men det var lenge sidan han hadde forsona seg med at det ikkje var alt han skulle forstå.

Han hadde aldri tenkt særleg mykje på straumbruk eller -prisar før, men familien hadde gjennom vinteren blitt betre på å lukka dører, ikkje ha 25 grader varme i alle rom, skrua av lyset og lada bilen om natta. Han hadde endåtil køyrt oppvaskmaskinen på økonomiprogram nokre gonger.

Alt dette hadde tydelegvis gjort noko med han. For når han nå las i avisa at straumen denne dagen i mai ville bli så billig at du i praksis fekk betalt for forbruket, dukka ein tanke opp i hovudet hans for første gong: Korleis kunne han få brukt maksimalt med straum på éin dag?

Det var litt irriterande at det hadde blitt vår, nesten sommar. At det var for varmt til å skrua på alle omnane i huset. Lyst var det også, så det var lite poeng i å ha lys på overalt.

Han bestemte seg for å vaska så mykje klede som råd, sette på maskin etter maskin. Ein del fekk han så køyrt i tørketrommelen, men dessverre var sol og vind veldig godt eigna til tørking ute på terrassen.

Kunne han langtidskoka noko? Han klarte ikkje å dusja lenger enn normalt, og sidan ingen andre heller var sugne på dusjing, gjekk det ikkje mykje varmtvatn, dessverre.

Men bilen! Den skulle definitivt ladast! Midt på dagen! Til 100 prosent! Minst!

Publisert: