Pandemien, dag 17
DRØSET: Ville det bli flest skilsmisser eller barnefødslar etter at dette var over?
Foto: BBBAR
- Jan ZahlKulturjournalist
Det mangla ikkje på ekspertar eller lekfolk som spekulerte på langtidsverknadene av sjølvisolasjon og krisetiltak. Pussig nok likna spådommane veldig på agendaen dei ulike spåmennene og -kvinnene hadde frå før av. Økonomane var bekymra for næringslivet og oppfordra folk til å handla meir, som om det løyste problemet. Idealistane på venstresida meinte koronakrisen var det som skulle til for å slutta med oljeboring og forbruk – som om det var kapitalismen som hadde skapt viruset.
Dei om det.
Det viktige spørsmålet, det alle i hus og – han hadde nesten sagt «hytter» – kjempa med, var dette: Kva ville bli resultatet av å måtta tilbringa 24 timar i døgnet saman med sine nærmaste i veker og månader?
Den mest nærliggjande tanken var sjølvsagt at skilsmissestatistikken kom til å auka like bratt som smittetala i New York. Alle som var godt gift, og dermed for lenge sidan hadde unnagjort den intense perioden med forelsking, visste at det viktigaste suksesskriteriet for ikkje å gå frå kvarandre for godt, var å ikkje vera for mykje saman.
Personlegdomstrekk som i den første, naive perioden av forholdet stod fram som sjarmerande og koselege, var nå berre irriterande. Legg til ein unge og to, gjerne ein tenåring, heimeskole og brakkesjuke, og mang ein familie var i ferd med å utvikla seg til ein udetonert eksplosjon.
Eller ville alt samværet slå ut i motsett retning? Ytre press og problem hadde ein tendens til å verka samlande på folk. I krisetider måtte ein både tenkja og handla annleis enn til vanleg. Plutseleg kunne ein finna seg sjølv spelande Yatzy med familien. Plutseleg kunne ein bruka kveld etter kveld på Monopol. Eller timevis over puslespel med 1000 bitar.
Men la oss vera ærlege: Yatzy er drepande kjedeleg. Det same er Monopol. Og, ikkje minst, puslespel med 1000 bitar.
Så kva skulle ein finna på då? Kunne det faktisk henda at ein såg bort på mennesket ein på eit visst tidspunkt tenkte at var perfekt – men som ein sidan hadde funne ut at var minst like uperfekt som seg sjølv – og tenkte: «Hm …»
Var det koronaen som skulle redda den norske fødselsstatistikken?
Mest lest akkurat nå
Går inn for å forlenge smitteverntiltakene i Stavanger til 8. februar: - Situasjonen er fortsatt svært alvorlig
Bor du i borettslag, i Smeaheia, i Bjergsted, på Hinna eller har du hus i naturfarge? Da bør du lese dette
Parkeringskaos i Brekko – politiet ber turfolk vise hensyn
Matvognen måtte etterfylle tre ganger sist helg: Hyttefolket vil ha middag med til fjellheimen
Fine skiforhold i Sirdal, men ekstremkulde ødelegger idyllen
Søstrenes idyll i Ryfylke er truet av utbyggingsprosjekt: - Helt vanvittig
Aftenbladet anbefaler
Akkurat nå diskuterer ekspertene Norges koronaregler. Spesielt på to områder kan det bli endringer
Pøbel rørte verden, nå vil han gi denne gigantiske skulpturen til Jæren
Jente (17) ble sexfilmet i skjul. Så ble videoen delt på Snapchat: – Jeg har vært mye lei meg
Ble bedt om å jukse i korona-søknad