Heimebryggaren

DRØSET: I år skulle han laga ekte eplesider. Det var jo så enkelt.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Heimebrygging var i skotet. Nesten krampaktig i skotet. Sånn hadde det vore i årevis, mannfolk med kraftig skjeggvekst, caps og tømmarhoggerskjorter – men endåtil skjegglause menn, i vanlege klede – brygga sitt eige øl.

Han hadde aldri prøvd sjølv. Det blei for avansert, for mykje bal.

Men nå var det eplesider som gjaldt. Og ute i hagen hadde han eit eldgammalt epletre.

Året før hadde han prøvd seg på ei oppskrift som var så enkel at sjølv sånne som han skulle få det til. Han raspa nokre kilo eple, blanda med vatn i ei bøtte, rørte eit par gonger til dagen i ei veke, silte over på plastdunkar.

Etter nokre månader opna han ein dunk. Det lukta merkeleg. Ei blanding av gjær, parafin, parfyme og noko udefinerbart. Smaken var søtleg og rar. Han var den einaste som klarte å drikka brygget. Mest for å insistera på at han hadde laga sin eigen cider.

Denne hausten skulle han ta det eit nivå opp. Han snakka med dei bryggande naboane, lånte utstyr og kjemikaliar, var på ein bryggeributikk og skaffa gjær. Han googla og gjorde absolutt alt etter boka. Han hadde forhandla seg fram til å få bruka ti liter av årets eplejus frå hagen til cider.

Han reingjorde utstyr, målte sukkerinnhald, kjøpte gjærlåsar og laga hol i korkar, hadde i middelet som skulle ta knekken på villgjær den eine dagen og skikkeleg gjær den neste, noterte alt. Så sette han dei to plastdunkane på badegolvet i kjellaren.

Dette var så lett som ein plett. Alt som skulle skje nå, var at naturen skulle gå sin gang. Gjæren skulle eta opp sukkeret i eplejusen. Det skulle bobla i gjærlåsen nokre veker. Så skulle det bli eplesider.

Nå hadde det gått tre veker. Det hadde ikkje kome så mykje som eit plopp i gjærlåsane. Han hadde endåtil tilsett meir gjær – og eit stoff som skulle få ekstra fart på gjæringa. Men ingenting skjedde.

Prosjektet var mislukka. Nå stod att det verste: Å fortelja kona at ti liter eplejus hadde gått i vasken. Kanskje han skulle venta. Kanskje kom det eit plopp snart?

Publisert:

Drøset Z

  1. Det fanst ei tid for å pakka opp – og ei tid for å pakka ned – trampo­linen

  2. Kva skulle dei gjera med alle små­kakene etter jul?

  3. Du sa jo så masse flott i den talen, men korleis ordnar me alt dette i praksis?

  4. Det gjekk altfor lenge før han forstod at nissemaska bare var ei maske.

  5. Juleplanlegginga

  6. Klok av skade, heldt han seg unna praktiske oppgåver.

  1. Drøset Z
  2. Drøset