Pandemien, dag 563

DRØSET: Så det var altså slik livet etter pandemien skulle vera. Smertefullt.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Han vakna så tidleg at det framleis var mørkt ute. Sjølv om han hadde lagt seg så seint at han følte sola snart var på veg opp.

Han glippa med augo. Augelokka var klistra til augeepla med noko som kjendest ut som ei blanding av sand og lim.

Same blanding hadde han i munnen. Tunga klistra seg til ganen, ho losna med ein seig lyd. Korleis kunne han vera så tørr i munnen etter å ha drukke så mykje heilt fram til for berre nokre timar sidan?

Hovudskallen hadde krympa fleire nummer sidan han kvelva opp i senga og forsvann inn i ein uroleg søvn full av forvirrande bilete og bisarre samanhengar.

Inne i hjernen hadde basselementa frå nattas dansegolv flytta inn. Men dundringa som truga med å sprenga heile den tronge skallen hans var ikkje rytmisk og hoftestimulerande, berre konstant, påtrengjande og vond.

Han stønna. Blei overraska over si eiga, ru stemme. Så mange folk. Så mykje musikk. Så mykje liv. Han følte han hadde ropt og ropt, heile kvelden. Nå hadde han ikkje stemme igjen.

Men kva hadde han sagt til folk!? Å, nei! Han hadde vore altfor glad. Altfor ukritisk. Hadde late seg riva med. Han hadde babla i veg, bla-bla-bla, om alt og ingenting. Hadde garantert sagt altfor mykje. Kva måtte vel folk tru? At han var ein rablande idiot?

Han prøvde å finna ein mindre smertefull måte å liggja stille på. Forsøket på å røra på kroppen førte berre til at det skvulpa faretrugande i vomma. Bølgjene forplanta seg opp gjennom heile skroget hans. Dei dunka mot vasslåsen oppe i halsen, truga med å velta ut munnen. Det smakte gallebittert, sakkarinsøtt, vammelt og vondt. Han svelgde det han var mann om. Kvalmen breidde seg ut gjennom heile kroppen. Han blei sjøsjuk heilt ut i fingerspissane.

Landet, byen og utelivet hadde vore stengt halvtanna år. Det hadde stått fram som så rett å bruka den første kvelden i fridom på nettopp det: Å vera totalt fri. Ute. Utan hemningar.

Men fridomens pris var brutal. Var det verkeleg dette dei hadde lengta etter i 562 dagar?

Publisert:

Drøset Z

  1. – Eg elskar når du snakkar fransk, sa Slags­mål Vedum

  2. Kva skulle til for å skrua i ei lys­pære?

  3. Så det var altså slik livet etter pandemien skulle vera. Smertefullt

  4. Direktøren for det heile hadde ikkje for vane å tenkja på Nils Arne Eggen.

  5. Det var visst ekstra vanskeleg å velja i år

  6. Nå stod han altså her. Og måtte ta eit val

  1. Drøset Z
  2. Drøset