Ballasten frå Bryne

DRØSET: Det var tid for å summera opp. Kva var sommarferiens mest nedverdigande augeblink?

Livet var, i nokre sekund, perfekt.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I rekka av nedbørsdagar, motvind og 14 plussgrader, kom det endeleg ein julikveld som likna alt dei lengta etter.

Dei fann fram dei nye fiskesnorene. Båtmotoren med 9,9 hestar – trimma opp til 15 – starta på andre draget. Det var nesten så han kjende seg litt mandig. Han sette seg til bakarst i den gamle, 14-fot lange Askeladden og styrte ut i fjorden, mens sola dovna i vest og det kvein i kveldsbadande barn langs hyttene.

Dei var ikkje bortskjemde med fiskelukke. Men akkurat denne kvelden var det full klaff. Dei hadde køyrt lenger ut enn vanleg og hamna i ein stim av sei, lyr og makrell. Hans langt betre halvdel klarte ikkje å få snøret ut før det hang på tre-fire sprellande, blanke kroppar. Livet var, i nokre sekund, perfekt.

Dei hadde ikkje køyrt lenger enn eit par minutt av returen då motoren stoppa. Same kor mykje han drog, var det ikkje så mykje som ein gneiste.

– Ja, ja. Me får begynna å ro, sa kona.

Ho fann fram dei tunge, uhamslege årene som alltid var i vegen, festa dei i årepinnane og tok fatt. Ungane sat framme i baugen. Han sat bak. Stilla blei berre broten av årene som trefte vassflata, ei svak knirking i båten – og etter kvart av pusten til kona som gjekk stadig tyngre.

– Kvifor ror ikkje du? pappa, sa sonen.

– Er det slitsamt? sa han til den sveittande kona.

– Ja, sa ho.

– Skal eg prøva litt? sa han.

– Ja, sa ho.

Då han hadde rodd i rundt to minutt, spurde sonen kvifor han ikkje rodde i retning hytta, men på tvers og sikksakk. Kona, som hadde lova å støtta han både i gode og vonde dagar, lo så mykje at mjølkesyra såg ut til å vera gløymd. Dottera, den kyniske fjortisen, sa tørt:

– Pappa kan ikkje ro.

– Kanskje du heller skal prøva å starta motoren igjen? sa kona.

Han prøvde å starta motoren mange gonger dei neste tre kvartera, utan hell. Resten av tida ruva han berre bak på plassen sin. Kona hans var 1,60 på strømpelesten. Ho blei tidvis kalla «Spurven frå Karmøy». Nå drog ho dei over den blanke fjorden med sterke drag. Ho var Terje Vigen. Han var ballasten frå Bryne.

Publisert:
  1. Drøset

Mest lest akkurat nå

  1. Ny DNA-rapport i Tengs-saken mangler viktig kvalitetssikring

  2. Sirdal-saken: Kommunen brøt loven da de ville tvangsinnlegge gravid kvinne

  3. Tusener evaku­eres etter vul­kan­utbrudd på La Palma

  4. Fryder seg over Haalands hode­scoringer: – Wow!

  5. Trafikkuhell i Oalsgata

  6. Noen pensjonister spiller golf. Terje Sjeggestad (70) venter barn – igjen