Pakkinga
DRØSET: Kor mange kolli burde ein pakka for to dagar på tur?
Så var det den tida på året igjen. Tida for nye, tapte slag.
– Me skal vera borte i to døgn. Det skal vera 22 grader og opphaldsvêr. Kor mange store, stappfulle koffertar treng me eigentleg å ha med oss då?
– Eg må ha med denne. Og så må eg ha med denne. Og den – den må eg i alle fall ha med!
Blant dei tallause nederlaga livet kontinuerleg baud på, kom pakking ganske høgt på lista.
Hans utgangspunkt for reising var ganske enkelt: Pakk så lite som råd. Reis lett. Unngå innsjekk av bagasje. Gli gjennom. Ikkje drass rundt på tunge koffertar.
Dette innebar i praksis at han brukte rundt 15 minutt på pakking – max. Skulle han på ein helgetur til ein by i sommarhalvåret, pakka han to truser, to par sokkar, eit par t-skjorter eller skjorter, tannkrem, deo og tannkost.
Sjølv om han hadde drive eit livslangt lobbyarbeid for det han meinte var oppskrifta på eit enkelt reiseliv, hadde framleis enkelte andre i familien motsett filosofi. Dei pakka truser, sokkar, bukser, kjolar, toppar, genserar, pyjamasar, kosebukser, ein tjukk jumper eller to i tilfelle ei plutseleg kuldebølge, jakker for fire årstider, gode sko, vonde sko, høge sko, låge sko, sko for vinter, sko for vår, sko mot regn, sko mot sol, finsko, vanlege sko. Enkelte i familien kunne også finna på å pakka med seg pute. Og/eller kosebamsar. Ikkje éin, men tre.
Innanfor dette med personleg hygiene, som han insisterte på at aldri skulle fylla meir enn botnen på ein liten ziplock-pose, meinte andre at det var tvingande nødvendig å ha med seg tannkrem, shampoo, balsam, conditioner, eit middel som skulle i håret etterpå, men som han ikkje forstod kva var, dagkrem, kveldskrem, nattkrem, krem for pannen, krem for kinn, krem for det vare området rundt augo, kajal, moisturizer, cleaning, cleansing, solfaktor, handkrem, fotkrem, leppestift, pulver, pudder og alt dette andre han ikkje ante kva var.
– Kven skal bæra alt dette, sa han.
– Gjett, sa enkelte andre.
Drøset Han
Snart tid for ferie. Eller: «Ferie»
Kor mange kolli burde ein pakka for to dagar på tur?
– Revers er eit fint gir. Men det finst ingenting som heiter dobbel revers
Billig straum for ein dag! Her var det om å gjera å bruka watt!
Han hadde fått i oppdrag å bona døra. Mission impossible
Kunne ein mandag vera ein inneklemt dag? Han var skeptisk