Valets kval

DRØSET: Så mange val ein måtte ta.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Dei kom på døra. Først den eine, så den andre. Så endå nokre til. Spennande.

Han snuste på dei. Alle hadde openbare kvalitetar. Dei hadde vaska seg med såpe og lukta av blomar. Dei signaliserte på alle vis at dei var interesserte i kontakt, at dei var ute etter å sjarmera han, få han på sitt lag. Dei smilte og la stemma i leiet dei snakka til barn på.

(Men han var ikkje eit barn. Kanskje ikkje heilt vaksen, men definitivt ikkje barn. I det siste hadde det dukka opp eit forvirrande press i kroppen. Eit trykk han ikkje visste korleis han skulle få kanalisert. Kva var alt dette nye som skjedde med han? Var det slik det var å vera vaksen?)

Han høyrde diskusjonen gå i rommet. Det var visst ekstra vanskeleg å velja i år. Folk var meir i tvil. Skulle dei gå for noko trygt eller noko nytt?

Utanfor var det mørkt. Ved kjøkkenbordet sat ein gjeng og snakka, stadig høgare, om valets kval. Ein kar sa at han ville stemma som ein 14-åring i år, at det var tid for radikal endring, at her måtte skje noko drastisk. Ein annan doserte om perspektivmeldinga, om inntekter og utgifter, om reknestykke som ikkje kom til å gå opp framover, om at det siste me treng i ei polarisert verd, var endå meir polarisering og oppsplitting.

Ingenting tyda på at dei skulle bli einige til valdagen.

Men kven skulle han velja? Måtte han i det heile tatt velja?

Han gav etter for trykket. Gjekk bort til perspektivmeldingsmannen, dytta ifrå slik at han kunne leggja framlabbane mot låret, mens han stod på to. Debattanten kom med handa si. Han begynte å slikka. Det smakte fuktkrem og nachos med ostesmak.

Debattanten var inne i eit lengre resonnement rundt skulevalet, der ungdommen overraskande nok viste seg å vera like mangfaldig som alle andre.

Trykket. Det gav seg ikkje. Og her stod han, ein nesten vaksen hannhund, med beina på låret og blikket fast festa på det politiske mennesket. Og med det politiske menneskets legg rett ved der det trykka som mest.

Han tok sitt val. Og begynte å jukka.

Publisert:

Drøset Z

  1. Det var visst ekstra vanskeleg å velja i år

  2. Nå stod han altså her. Og måtte ta eit val

  3. Nei, ein skulle nok heller vore ku

  4. Det gjekk eitt døgn frå han fekk sitt første stikk til dei ringde frå smitte­sporinga

  5. Ronaldo burde sagt det der om agua litt før.

  6. Plutseleg er det utbrot i Trond­heim og nye reglar frå 1. juli og stygt ver og 5000 kroner natta

  1. Drøset Z