Loftet

DRØSET: Fanst det noko meir skremmande enn eit sprengfullt loft?

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Han hugsa kombinasjonen av fryd og frykt frå barndommen. Det var skummelt og spennande med mørke kjellarar og tronge loft. Kunne det liggja nokon døde der? Kunne det vera skumle dokker som viste seg å vera skrekkfilmaktige massemordarar?

Som vaksen, etter å ha sett diverse filmar som spelte nøyaktig på denne frykta, visste han at alt dette berre var tull. Det fanst ingen gjenferd på loftet. I alle fall ikkje gjenferd av den typen ein kunne sjå på film, av døde folk.

Til gjengjeld var loftet stappfullt av gjenferd etter levande personar. Etter dei sjølv.

Frykta og nervøsiteten hadde sett seg i kroppen hans etter at Hu sjøl hadde fått for seg at det måtte ryddast i – les: kastast – i bokhyllene. Nå stod 12 bereposar fulle av gamle bøker – les: smerte – i kjellaren, klare til å leverast på bruktbua eller papirgjenvinning.

Men den verkelege bøygen låg jo på loftet.

Loftet var så stappfullt at det nesten ikkje var råd å fota seg der oppe. Koffertar, kassar, posar, intrikate hyllesystem og hengjarar bulte ut frå alle krikar og krokar. Her hang alle gjenferda frå deira tidlegare liv, kjolar og kåper, sko og sandalar, festlege t-skjorter, barnetøy og leiker ingen lenger var interesserte i, men som minna dei om farne tider. Om dei berre hadde sett på dei nokon gong.

Og midt blant julepynten, påskepynten, sommar- og vinterdyner, soveposar og ryggsekkar: Permane hans frå studietida. Sirlege notat frå grunnfag engelsk, ex.phil., grunnfag spansk, mellomfag spansk, forelesingane i samanliknande politikk grunnfag, mellomfag og hovudfag, rosa kopiark av så godt som alle eksamenar han hadde avlagt gjennom sju lange år.

Det var som om hjernen hans låg lagra i dette topplokket. På loftet.

Det var hit han kunne gå om han lurte på noko.

Kor ofte hadde han faktisk opna ein av permane på 2000-talet? Aldri. Men ein kunne heller aldri vita. Kanskje blei det nødvendig ein dag.

Tenk om den dagen kom etter dagen Hu sjølv nødvendigvis ville få for seg at det måtte skje ei generalopprydding på loftet.

Publisert:

Drøset Z

  1. Han klinte svart skokrem ut over teppet, trappa, kluten og handa

  2. Det var viktig å få ein god start på dagen

  3. Heller dårlig engelsk enn godt norsk

  4. Engelsk var heilt klart det beste arbeids­språket i Norge

  5. Dei fekk kaffimaskinen til bryllaupet. 16 år seinare var det slutt på dampen

  6. Så det var altså slik lukke såg ut. Dag og natt i balanse. Eit liv der alle dagar var like

  1. Drøset Z
  2. Drøset