Lukkedagen

DRØSET: Han hugsa ei tid då dagane var ulike.

Laurdag var sporvens dag. Tenk det. Foto: Jan Kåre Ness / NTB

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Han hugsa ei tid då laurdagen ikkje var det same som ein tysdag. Då det var forskjell på ein søndag og ein torsdag. Det var lenge sidan nå.

Det siste året hadde dagane vore meir eller mindre like. Han la seg på same tidspunkt kvar kveld, vakna tidleg kvar morgon, som om han skulle på jobb. Og det skulle han jo, stort sett. Berre at jobben ikkje var på jobb lenger, men i huset, der han sette seg til i den same stolen framfor den same skjermen stort sett uavhengig av kva dag det var.

Dei gjekk aldri på noko lenger, hadde knapt hatt eller vore på besøk. Det var aldri noko spesielt å verken gleda eller grua seg til. Alle dagane var berre like, der dei kom, i ein endelaus straum.

For ikkje så lenge sidan hende det at han var på fest eller bar på laurdagane. Sånt var det heilt slutt på. Nå sat han berre og skrolla, blafra, hadde radioen på i bakgrunnen.

Det var sånn han oppdaga at dette likevel ikkje var kva laurdag som helst. Faktisk viste det seg å vera vårjevndøgn. Døgnet då dagen og natta var like lange. Var det noko som burde vekka ekstra glede eller sorg? Han visste ikkje. Kjende ingenting spesielt.

På Facebook var det ein som skreiv at 20. mars var sporvens dag. Han visste ikkje at sporven hadde ein eigen dag, hadde aldri tenkt særleg på denne uglamorøse kvardagskrabaten. Nå lærte han at kjærleiksgudinna Afrodites vogn over himmelen blei trekt av sporvar. Det visste han ikkje. Men han visste at Mao ville utrydda sporven – og slik skapte ein av dei verste miljøkatastrofane i historia, sidan grashoppene dermed fekk fritt leide.

Han kjende eit kort blaff av interesse, heilt på grensa til eit glimt av noko fint, over å vita alt dette og meir til om sporven.

Men det stoppa ikkje der. For sanneleg viste det seg at denne fargelause og grå laurdagen i mars ikkje var kva dag som helst. Han var FNs internasjonale dag for lukke.

Så det var altså slik lukke såg ut. Dag og natt i balanse. Eit liv der alle dagar var like. Like grå som sporven. Som likevel hadde fått sin eigen dag. Lukkedagen.

Publisert:

Drøset Z

  1. Han klinte svart skokrem ut over teppet, trappa, kluten og handa

  2. Det var viktig å få ein god start på dagen

  3. Heller dårlig engelsk enn godt norsk

  4. Engelsk var heilt klart det beste arbeids­språket i Norge

  5. Dei fekk kaffimaskinen til bryllaupet. 16 år seinare var det slutt på dampen

  6. Så det var altså slik lukke såg ut. Dag og natt i balanse. Eit liv der alle dagar var like

  1. Drøset Z