Småkakene

DRØSET: Kva skulle dei gjera med alle småkakene etter jul?

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Livet var beinhardt. Folk skulle berre prøvd.

Nå var det nytt år – og nytt press. Etter å ha kost seg gjennom jula, var det tid for lutring og dårleg samvit. Kor enn han snudde seg, var det tips til nye slankekurar, treningsopplegg og omleggingar av kosthald. Til og med mot bukselinninga og skjorta som hadde vore akkurat passe stor, pressa det på nå.

Men så var det dette med alle småkakene. Krumkakene, fingerkremane, kakemennene, dei overdådig pynta peparkakene, det snopetunge peparkakehuset, sirupssnippane, rutekakene, kokosmakronane og dei gode etter bestemor Åsa.

Stort sett var det positivt å leva med ei som var julefetisjist. Ei som gjorde huset om til ein julekatedral kvar desember: full av julepynt og dårleg belysning. Ei som bakte ein million julekaker. Med ekte smør. Romsleg med melis. Siste variant nokre få dagar før sjølve julaftan.

Så nå sat dei her, med press i pressa og press mot skjorta – og tusen småkaker igjen. Skulle dei eta alt dette, ville dei måtta halda på til påske. Han grøssa over tanken på kor mykje press det ville måtta bety mot beltet.

– Me kan ikkje driva og eta alt dette her, sa han.

– Me må kasta resten, sa ho.

– Ja. Me kastar resten, sa han.

Så gjekk dei og la seg.

– Me kan vel eta litt gjennom helga, og så kastar me resten på måndag, sa han då dei hadde stått opp neste dag. Ho var einig.

– Men fingerkremane treng me kanskje ikkje kasta. Dei er jo så gode, og så blei dei jo ferdige så tett opp under julaftan, sa han.

– Ja, og så ville det vera ei skam å kasta krumkakene. Dei er så tynne og så gode.

Han såg den.

– Men heldigvis er me tomme for bestemor Åsa, sa han.

– Ehm, ikkje heilt. Eg har gøymt unna ein del. Dei er gode å ha. I staden for å gå på butikken og kjøpa cookies når me skal på tur, kan me like gjerne ha med bestemor Åsa me har laga sjølv.

– Så då kastar me ikkje dei, heller?

– Nei. Og dei kakemennene har eg ikkje hjarte til å kasta.

– Og så er jo peparkakene så fint pynta.

– Ja, det ville vera for gale å kasta dei. Kan me gi dei vekk?

Publisert:

Drøset Z

  1. Det fanst ei tid for å pakka opp – og ei tid for å pakka ned – trampo­linen

  2. Kva skulle dei gjera med alle små­kakene etter jul?

  3. Du sa jo så masse flott i den talen, men korleis ordnar me alt dette i praksis?

  4. Det gjekk altfor lenge før han forstod at nissemaska bare var ei maske.

  5. Juleplanlegginga

  6. Klok av skade, heldt han seg unna praktiske oppgåver.

  1. Drøset Z
  2. Jul
  3. Småkaker
  4. Drøset