Colaen

DRØSET: Ronaldo burde sagt det der om agua litt før.

Agua eller cola? Foto: HANDOUT / X80001

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Han ante uråd allereie då han svinga inn på parkeringsplassen. Det var måndag, overgangen mellom ettermiddag og kveld. Ifølgje hans eigne utrekningar, skulle det knapt vera folk på Obs!

Men parkeringsplassen var full. Då han endeleg rygga inn på ein ledig plass, var han omgjeven av folk med fortvila blikk og kvite knokar der dei sat og klamra seg til rattet og håpte.

Kva var det som gjekk føre seg?

Mistanken hans blei forsterka då han nådde inngangspartiet. Forbi han passerte menneske etter menneske dyttande på kvar si handlevogn. I alle vognene vakla tårn av søt drikke. Alle hadde kjøpt dei tilmålte fem bretta med cola-boksar på tilbod.

Han rista lett og smilande på hovudet. Kva var det med folk? Heilt despo berre fordi det var tilbod på cola.

Strengt tatt var han jo her sjølv fordi det var tilbod på cola. Dei skulle ha konfirmasjon til helga og konfirmanten likte best cola. Dessutan var det jo greitt å ha nokre boksar av drikken ståande, til kos i helgene.

Innover i den store butikken passerte han vogn på vogn bugnande av cola. Men då han kom fram til kjelda for leskedrikken, viste det seg å vera tomt for den sukkerfrie varianten. Han fekk tak i ei som jobba der, ho trudde først ikkje at det kunne vera tomt allereie, rista forbløffa på hovudet då ho fekk syn for segn.

Det var tomt på lageret også.

Men sidan tilbodet tydeleg var så godt, tok han eit par brett av sukkervarianten. Nå kom nok konfirmanten til å bli glad.

Tre minutt seinare, mens han leita etter vaniljesukkeret, som forvirrande nok ikkje stod saman med verken sukker eller mjøl, kom ein kar bort til han:

– Kor fekk du tak i dei bretta med cola, sa mannen.

Han peika mot oasen – men nå var det heilt tomt både for sukkerhaldig og sukkerfri leskedrikk.

Dagen etter rigga Ronaldo seg til på ein pressekonferanse i EM. Framfor han stod to flasker cola. Ronaldo såg stygt på flaskene, fjerna dei, løfta fram ei blank flaske og sa «Drikk vatn!»

Han skulle sagt det litt før. Så hadde det kanskje vore cola zero igjen til konfirmasjonen.

Publisert:

Drøset Z

  1. Det gjekk eitt døgn frå han fekk sitt første stikk til dei ringde frå smitte­sporinga

  2. Ronaldo burde sagt det der om agua litt før.

  3. Plutseleg er det utbrot i Trond­heim og nye reglar frå 1. juli og stygt ver og 5000 kroner natta

  4. Tenk om nokon kunne tru at fjortisen og faren var i slekt! Skrekk og gru!

  5. Dette var den sida av utelivet han hadde gløymt i korona­isola­sjonen. Andre menneske

  6. Han klinte svart skokrem ut over teppet, trappa, kluten og handa

  1. Drøset Z
  2. Drøset