Morgonstunda

DRØSET: Det var viktig å få ein god start på dagen. Ikkje sant, bikkje!

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Nede i gangen stod Menneskets beste venn og logra. Han hadde vekka ungane forsiktig, slik hans eigen far alltid hadde gjort. Huset var stille, sola skein skrått inn, morgonstunda hadde gull i munnen.

Han bøygde seg ned og krysta dei mjuke øyra. Det fekk alltid hunden til å halvt lukka augo og sukka av hugnad.

Hund og mann gjekk inn på kjøkkenet. Dyret sprang til døra ut mot hagen, spratt opp på to, krafsa med frambeina mot vindauget. Han festa halsbandet til det lange tauet, lét hunden springa, dekka på til frukosten.

Ungane hadde så vidt kome til bordet då han høyrde bjeffing frå hagen. Dei skulle gjerne hatt ein art som gøydde mindre.

Han opna døra for å sleppa gneldrebikkja inn. Men ho stod bom stille der ute i det doggvåte graset. Somme snakka om kor intelligente hundar er, men deira firbeinte motbeviste dette kvar dag. Nok ein gong hadde idioten surra seg fast i ripsbusken.

– Gå rundt, sa han. Bikkja, den hjernedøde kjøteren, såg på han og vifta lukkeleg med halen.

Han banna stille og gjekk ut. Han orka ikkje finna utesko, gjekk på tøflane, prøvde å knipsa og vifta det gjenstridige beistet til å gå rundt rett veg. Det enda med at han måtte dra henne rundt.

Då tauet var losna og langt nok, sprang bikkja tilbake til kjøkkendøra. Han klipsa tauet frå halsbandet – og plutseleg var ho inne på kjøkkenet. Like plutseleg var det hundre spor av våt jord der inne.

– Ikkje sei noko til mor di, sa han til sonen etter at han hadde fanga møkkabikkja, heldt henne i den eine armen mens han tørka labbane med handkleet han alltid fekk kjeft for ikkje å bruka – mens t-skjorta hans blei full av graps.

Det var mens han desperat tørka hundespora på det nyvaska golvet at sonen påpeika at han sjølv hadde ein pinne under tøffelen. Han løfta skoen opp. Heile undersida var dekka av hundedrit – der ein pinne hadde festa seg i klisteret.

Mens han stod ute i hagen og skrapa bæsj av inneskoa sine, og dritbikkja var sendt i eksil i ytre gangen, tenkte han på kor viktig og fint det ville vore å få ein god start på dagen.

Publisert:

Drøset Z

  1. Han klinte svart skokrem ut over teppet, trappa, kluten og handa

  2. Det var viktig å få ein god start på dagen

  3. Heller dårlig engelsk enn godt norsk

  4. Engelsk var heilt klart det beste arbeids­språket i Norge

  5. Dei fekk kaffimaskinen til bryllaupet. 16 år seinare var det slutt på dampen

  6. Så det var altså slik lukke såg ut. Dag og natt i balanse. Eit liv der alle dagar var like

  1. Drøset Z
  2. Drøset