Eggen

DRØSET: Direktøren for det heile tenkte plutseleg på Nils Arne Eggen.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Det kom overraskande. Direktøren for det heile hadde ikkje for vane å tenkja på Nils Arne Eggen.

Direktøren såg nesten aldri Dagsrevyen. Etter dagøkta på kontoret, og kanskje noko middag, var tidleg kveld eit godt tidspunkt for meir arbeid. Det fanst alltid eit viktig dokument å gå inn i. Men akkurat denne fredagen blei fjernsynet ståande på, og på skjermen dukka den gamle Rosenborg-trenaren opp.

Eggen fylte 80 år. Han sat der i stolen sin, med amputerte bein, og drøymde om å kunna gå ti meter. NRK presenterte den gamle mannen som Norges mestvinnande klubbtrenar gjennom tidene og var opptekne av alt han hadde gjort for trønderlaget.

– Eg er oppteken av kva Rosenborg har gjort for meg, sa Eggen.

Direktøren for det heile kjente eit lite stikk av irritasjon.

NRK viste bilete av ein yngre Eggen, med begge beina intakt, bli boren på gullstol av laget sitt. Det var ikkje måte på kva han hadde fått til. Eggen innrømte at han hadde levd eit langt og godt liv, men var mindre interessert i fortida si enn NRK. Eggen var mest oppteken av framtida:

– Dei viktigaste åra er dei du ikkje har levd. Dei du har levd, får du ikkje gjort så mykje med.

Direktøren for det heile grynta grettent og kjende irritasjonen bobla i brystet. Kvifor kom aldri Direktøren på slike ting å seia? Hadde Eggen øvd på å seia desse tinga, eller kom det spontant? Hadde han lese det i ei bok?

Direktøren for det heile hadde vore på mang ein konferanse med slagferdige foredragshaldarar. Ofte hadde Direktøren tenkt at dette var godt sagt, somme tider hadde Direktøren teke med seg one liners tilbake til sine eigne leiarsamlingar eller allmøte. Men dei slagferdige setningane slo liksom aldri like hardt når det var Direktøren som uttalte dei. Det var akkurat som om det ikkje var Direktørens eigne ord eller tankar.

Og så sat det altså ein beinlaus, gammal trønder der på fjernsynet og lirte av seg livsvisdom Direktøren for det heile så gjerne skulle kome på sjølv.

Det var rett og slett ekstremt irriterande.

Publisert:

Drøset Z

  1. Skulle han måtta stela sin eigen sykkel nå?

  2. Han kunne ikkje gå i juni­jakke i oktober

  3. – Eg elskar når du snakkar fransk, sa Slags­mål Vedum

  4. Kva skulle til for å skrua i ei lys­pære?

  5. Så det var altså slik livet etter pandemien skulle vera. Smertefullt

  6. Direktøren for det heile hadde ikkje for vane å tenkja på Nils Arne Eggen.

  1. Drøset Z
  2. Drøset
  3. Nils Arne Eggen
  4. NRK