Skoregimet

DRØSET: Dei hadde visst fått eit nytt regime for plassering av sko.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Sjølv syntest han at han ikkje var så verst. Blant tallause personlege feil og svakheiter var han ikkje så hakkande galen når det kom til plassering av sko. Mens sonen på ti år og kompisane ganske enkelt sparka av seg skoa og lét dei bli liggjande midt i ytre gangen til å snubla i, dytta han sine fint inn til veggen, under Ikea-skuffeskapa som romma alle skoa dei berre brukte av og til.

Likevel låg skoa hans – og ungane sine – plutseleg ein dag i ein svær haug rett innanfor utgangsdøra. Skofjellet hindra dramatisk vegen for fri ferdsel. Det var tydelegvis plassert der som ein demonstrasjon.

Problemet var at han ikkje visste kva det var ein demonstrasjon mot.

Han plukka seg ut eit par sko frå haugen og gjekk ut. Då han kom heim, låg haugen der framleis. Han steig langbeint over, tok av seg skoa, sette dei fint inntil veggen, slik han alltid hadde gjort.

Dagen etter låg skohaugen der framleis – men med skoparet han hadde stilt fint inntil veggen på toppen. Det var ingen veg utanom. Det var sjølvsagt heilt uaktuelt å fjerna haugen. Men han måtte høyra med ho som hadde bygd skotårn om kva det skulle symbolisera.

Då ho svarte, var det med ei mine og eit tonefall som fekk det til å høyrast ut som om dette var noko ho alltid hadde sagt, heilt sidan dei flytta inn for 14 år sidan. Nemleg at skoa skulle i IKEA-skapa når dei ikkje var i bruk. Dette var heilt nytt for han.

– Når blei den regelen innført, spurde han.

– Er det du eller eg som gjer reint i gangen? Er det du eller eg som må flytta alle desse skoa kvar gong det skal støvsugast, spurde ho.

– Kan du ikkje berre seia ifrå når du skal gjera reint, så set me skoa i skuffene den dagen, sa han.

– Eg gjer reint i gangen fleire gonger i veka, sa ho.

– Då gjer du reint i gangen altfor ofte, sa han.

Merkeleg nok blei ho ikkje mildare stemt, sjølv om han – i all audmjukskap – meinte dette var svært gode argument.

Ja, ja. Då fekk han berre venna seg til det nye regimet. Nemleg å ta eit stort og høgt steg kvar gong han skulle ut eller inn.

Publisert:

Drøset Z

  1. Det fanst ei tid for å pakka opp – og ei tid for å pakka ned – trampo­linen

  2. Kva skulle dei gjera med alle små­kakene etter jul?

  3. Du sa jo så masse flott i den talen, men korleis ordnar me alt dette i praksis?

  4. Det gjekk altfor lenge før han forstod at nissemaska bare var ei maske.

  5. Juleplanlegginga

  6. Klok av skade, heldt han seg unna praktiske oppgåver.

  1. Drøset Z
  2. Drøset