Pandemien, dag 3

DRØSET: Han hadde gløymt kor kjedeleg det var å spela Monopol.

Publisert: Publisert:

Foto: Jan Zahl

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Då han hamna i fengsel for tredje gong på like mange forsøk på å koma seg rundt brettet, fekk han mest lyst til å pakka ned det nyinnkjøpte Monopol-brettet og bruka det til å fyra opp i omnen. Pengane burde kunna fungera godt til opptenning. Sjølve brettet og pappemballasjen burde kunna brenna litt lenger. Husa og hotella i plast – som han aldri kom til å få nokon av, med tanke på at 13-åringen allereie hadde både Ullevål Hageby, Rådhusplassen, alle dei lyseblå, pluss diverse stasjonar – burde nok i restavfallet, sidan Ivar hadde fått så fancy avfallssorteringsanlegg. Men kva materiale var dei nye, tåpelege brikkene eigentleg laga av? Var den latterlege flosshatten i sølv, som nå var i fengsel, laga av noko brennbart? Eller var det plast?

– Herregud, kor dårleg tapar du er, sa ho som liksom skulle støtta han gjennom gode og vonde dagar.

Monopolspelet kom i hus same dag som statsministeren varsla at Norge skulle stengast ned, og at folk skulle halda seg heime. La oss kalla det pandemiens dag 0. Resten av landet var ute og hamstra joikakaker og dasspapir, mens Ho sjølv kjøpte brettspel.

Den elles så digitale 13-åringen var i ekstase. Ho elska Monopol.

Familien gjekk inn i isolasjonen i ei blanding av optimisme og tungsinn. Han hadde heimekontor i kjellaren. Kona hadde ingen jobb og ingen inntekter så lenge dette stod på. Men dei var samde om å bita tennene saman, vera med på dugnaden, trøysta seg med at før eller seinare ville det gå over. Før eller seinare måtte livet bli normalt igjen.

– Har det begynt å gå nedover nå, spurde tenåringen til frukost på dag to. Dei forklarte at dette nok kom til å ta langt meir enn 24 timar. Men at det var lite anna å gjera enn å halda seg inne og å halda ut.

Så nå sat dei her, over Monopol-brettet.

– Du sukkar akkurat som farmor, sa 13-åringen då han betalte 50 monopolpengar for å koma seg ut av fengsel.

Han trilla. Ein trear og ein toar. Lot flosshatten vandra fem steg. Tenåringen lyste opp:

– Hei, hei! Skøyen stasjon! Det blir 50, for eg eig Bryn også!

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Historien om Ulland­haug­tårnet: Se de unike bildene fra innsiden

  2. Gigantbygg likevel til Ullandhaug: – En halv­liten halleluja-dag

  3. Øyvind Haukland er død

  4. Iven Austbø har utgående kon­trakt: Nå har Viking bestemt seg

  5. Sønnen fikk hjerne­skade etter bunker­festen i Oslo: – Livet hans er satt flere år tilbake

  6. «Jeg var heldig. Jeg rakk verken å ruse meg eller bli deprimert»

  1. Drøset
  2. Dugnad