Pick up-en

DRØSET: På køyretøyet skal storfolk kjennast.

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Slagsmål Vedum hadde endeleg funne ein parkeringsplass i Inkognitogaten. Det var ikkje enkelt. Han hadde sirkla lenge rundt i området bak Slottet, der Graah Støre nå hadde flytta inn. Det var eit styr med den store pick up-en. Ikkje minst var det eit merakkels å lommeparkera doningen då han endeleg fann seg ein ledig plass mellom alle elbilane. Herregud, kor trongt det var her i storbyen!

Sidan han ikkje hadde sonekort for bebuarar i bydel Frogner – og ikkje fann nokon parkeringsautomat – hadde han ringt opp og bede Graah Støre koma ut i staden for å gå til statsministerbustaden.

Hadde Slagsmål sete i ein statsrådsbil, hadde dette sikkert ikkje vore eit problem. Men det var eit poeng for Slagsmål å køyra sin eigen pick up og visa at han framleis var ein av bygdefolket – også når han var høgt på strå i Oslo. Sjølv om det, når sant skulle seiast, var eit lite hekkan å køyra svær dieselbil i hovudstaden for kaffelatte og elsparkesyklar.

Graah kom tuslande. Han hadde tatt på seg ein lun cardigan over den kvite skjorta. Men det han hadde på beina overraska sjølv den folkelege Slagsmål.

– Har du også crocs, glapp det ut av han, spontant.

– Ja, eg tykkjer dei er så praktiske å trø oppi. Og så er dei faktisk både mjuke og varme, sjølv om det er masse hol i gummien, sa Graah.

– Her er det, sa Slagsmål, og løfta den brune, slitne veska opp frå lasteplanet på pick up-en. Vanlegvis pla han ha gjødselsekkar og utstyr her. Men denne dagen var annleis. Ut av den slitne veska, løfta han ei lefse papir.

– Her er tilleggsnummeret. Vårt statsbudsjett, sa Slagsmål, la papira mot brystet som om det skulle vore eit spedbarn som trengde kroppsvarme og kjærleik.

– Ja, der er det, sa Graah, kom heilt inntil og la handa si mot budsjettforslaget som låg mot brystet til makkeren. Slik blei dei ståande ei stund. Som to nybakte foreldre, tett i tett.

Borte i Hegdehaugsvegen kvein det i ein trikk.

– Ehm, vil du prøva pick up-en min, sa Slagsmål.

Graah tok ikkje vekk handa mens han svarte:

– Ja. Pick up har eg aldri prøvd. Men trur du det går bra med crocs?

Publisert:

Drøset Z

  1. Dei første 100 dag­ane var over. Nå kom 100 nye

  2. Det fanst ei tid for å pakka opp – og ei tid for å pakka ned – trampo­linen

  3. Kva skulle dei gjera med alle små­kakene etter jul?

  4. Du sa jo så masse flott i den talen, men korleis ordnar me alt dette i praksis?

  5. Det gjekk altfor lenge før han forstod at nissemaska bare var ei maske.

  6. Juleplanlegginga

  1. Drøset Z
  2. Drøset