4. måndag i advent

DRØSET: Så tenner me det fjerde lys. Me tenner det for innspurten.

Publisert: Publisert:

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Hadde han vaska gølvet? Nei. Hadde han børi ved? Absolutt ikkje. Dei hadde huset fullt av vegghengde, termostatstyrte ovnar. Det var nesten aldri behov for å bæra ved. I alle fall ikkje med det klassiske, rogalandske juleveret i boks, langt unna all verdas julefilmar og klisjear: Åtte plussgrader, regn i lufta, grøn plen.

Hadde han hengt ut fuggelbæinn? På ingen måte. Etter at dei for nokre år sidan måtte flytta ut av huset ein periode etter at det blei invadert av rotter, var alt som likna på fuggelbæinn og anna merakkels som kunne bidra til å fø og tiltrekka seg rotter og mus, bannlyst.

Men treet var pynta. Ho han framleis var gift med hadde uendelege mengder nostalgiske barndomsminne om at mor og barn pynta juletreet saman. I notidas skarpare lys viste det seg at det var ho, ikkje barna, som tykte dette var mest koseleg. Men etter litt lokking og luring hadde arvingane i alle fall vore litt med. I alle fall den eine. I alle fall litt.

Mens husets vaksne var i gang med innspurten fram mot julehelg, besøk, middagar, absurde gåvemengder, mat og kos, var tenåringen inne i ein perfeksjoneringsfase av imitasjonen ho lenge hadde jobba med. Ho hadde valt seg eit objekt frå dyreverda som ho på imponerande vis nå likna, i alt frå rørsler til sovemønster, nemlege dovendyret. Det fanst ikkje den ting som kunne få henne til å røra seg raskare enn i sakte film. Jo, forresten. Då han stal nokre chipsflak frå snopeforrådet ho - utan lov - hadde bygd seg opp på rommet, blei det fart på henne.

Han lengta allereie etter å setja seg og kvila og pusta på ei stund. Det var lenge sidan sonen hadde vakse seg ut av krybba. Nå var han ikkje lenger så interessert i å ta seg ein blund, men mest oppteken av kor lenge han kunne få vera oppe, nå som det var juleferie.

Han sette seg bort til glaset, tok ein slurk. Så prøvde dei å finna ein julefilm alle kunne einast om - som ville vera julas største under.

Du ser han over nettet i kanalpakken så stor.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Venter «graverende rapport» etter konsert i Egersund

  2. Oslo er nå «rødt» ifølge FHIs smittekrav til andre land

  3. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  4. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  5. Høie bekymret etter store fester – har plan for ny nedstenging

  6. Torsteinbø tok på seg skylden i garderoben

  1. Drøset
  2. Advent
  3. Jul