Koden

DRØSET: Skulle han måtta stela sin eigen sykkel nå?

  • Drøset Z
    Drøset Z
Publisert: Publisert:

Han var seint ute. Einaste sjanse til å nå neste avtale, var om han sykla. Fort.

Han sykla nesten aldri lenger. Fikla med kodelåsen, visste strengt tatt ikkje lenger kva koden var. Han hadde øvd inn eit par faste vridingar på talskivene, det gjekk på automatikk.

Etter avtalen i sentrum var pulsen lågare. Men då han gjorde dei faste vridingane på låsen, skjedde det ikkje noko. Sykkelen var framleis låst. Han prøvde igjen, men forstod med ein gong at skaden allereie hadde skjedd, at det var for seint. Låsen var ute av system. Og han ante ikkje kva koden var.

Det begynte å regna. Sjølvsagt begynte det å regna.

Han begynte å rekna. Prøvde å hugsa talkombinasjonen. Talkombinasjonar han hadde brukt opp gjennom åra. Trudde han hugsa, vrei på kodelåsen. Sykkelen var like låst.

Så gav han opp. Ein ny avtale venta. Han måtte koma tilbake til sykkelen seinare.

Resten av arbeidsdagen blei han sitjande og tenkja på talkombinasjonar, samtidig som han prøvde å få med seg kva folk rundt han sa. Han nikka og smilte, svarte høfleg på tiltale, spelte rolla som eit menneske som følgde med.

Utover dagen innsåg han at dette ikkje kom til å gå bra. Han ville måtta stela sin eigen sykkel. Han måtte gå gjennom sentrumsgatene, trilla på framhjulet mens han løfta det låste bakpartiet opp. Kva ville folk tru? Kva skulle han seia om nokon kom bort og påpeikte at han stal ein sykkel? Ville nokon tru på forklaringa om at det var hans eigen sykkel? Korleis skulle han bevisa det? Hadde det vore hans eigen sykkel, kunne han vel berre låst opp låsen?

Kanskje ville det vera betre å prøva å koma seg ut av knipa på spøkefullt vis? Påpeika kor gammal og brukt sykkelen var. Seia at det knapt fanst ein sykkeltjuv som ville ønska seg denne gamle holken? At han – som sykkelens sanne eigar – måtte vera den einaste som såg noko verdi i doningen?

Eller skulle han berre la sykkelen stå? Kapitulera for sitt eige sviktande minne? Spara seg for audmjukinga av å bæra den låste tohjulingen gjennom sentrumsgatene? Kjøpa seg ny sykkel? Utan kodelås!

Publisert:

Drøset Z

  1. Han prøvde alt han kunne å få opp kjøpe­presset. Det gjekk dårleg

  2. November? Nei, takk

  3. – Ehm, vil du prøva pick up-en min, sa Slags­mål

  4. I år skulle han laga ekte eple­sider. Det var jo så enkelt

  5. Dei hadde visst fått eit nytt regime for plassering av sko

  6. Skulle han måtta stela sin eigen sykkel nå?

  1. Drøset Z
  2. Sykkel
  3. Drøset