Spåmannen

DRØSET: Kven som vinn «Mesternes mester»? Det er jo lett!

Jan Zahl tippet Øystein Pettersen som vinner av Mesternes mester.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over to år gammel
iconDrøset
Drøset er et daglig skråblikk skrevet av utvalgte journalister i Aftenbladet.

1. januar. Tid for å sjå inn i glaskula og spå om det neste året. Testa sine eigne clairvoyante evner, sin logiske sans, analytiske kraft – og flaksen.

Nabolaget hadde laga tradisjon av det. Kvar nyttår sette dei seg til for å svara på ei liste spørsmål frå framtida. Kva dag ville bli den varmaste det komande året? Kva kom oljeprisen til å vera om eitt år? Kven i nabolaget kom til å få den største fisken?

Spørsmålet som vekka mest engasjement i familiekohorten: Kven kom til å vinna «Mesternes mester» 2021?

Familien elska «Mesternes mester». Dei hadde null interesse for idrett, visste knapt kven deltakarane var, såg aldri på konkurransane dei deltok imens dei var aktive.

Men kvar gong NRK samla ti pensjonerte sportsutøvarar i eit hus og bad dei henga etter armane eller kjempa seg opp ein bratt bakke, sat familien klistra. Kvart år peika dei seg ut sine favorittar, diskuterte kven som kom til å vinna.

Dermed var dette eit perfekt spørsmål for ein spådomskonkurranse om 2021.

Dei las gjennom lista over deltakarar. Halvparten av namna var ukjende. Men somme kjende dei igjen. Johann Olav Koss. Det var han med låra. Linda Medalen. Var ikkje ho frå Klepp? Aksel Lund Svindal. Han verka veldig sympatisk.

Hu sjøl gugla litt. Her var visst ein fjellklatrar. Ei som køyrde motorsykkel. Ei som sprang orientering.

– Eg har tru på han klatraren, sa Hu sjøl.

– Øystein «Pølsa» Pettersen er med, sa Han.

– Klatrarar er vel omtrent som turnarar. Du hugsar han turnaren som var med? sa Hu.

– Hugsar du då «Pølsa» var med i «71 grader nord»? sa Han.

Dei elska «71 grader nord». Dei ante ikkje kven «Pølsa» Pettersen var før dei såg «71 grader nord – kjendis». «Pølsa» Pettersen var ein kanonfin type. Han bar alt for alle, og kombinerte det med eit kolossalt humør.

– Eg har tru på «Pølsa», sa Han.

– Eg har tru på klatraren. Magnus Midtbø, sa Hu.

– Eg skriv «Pølsa», sa Han. Hadde knapt følt seg så sikker i si sak. Han burde definitivt bli spåmann.

Nokre timar seinare var det premiere på «Mesternes mester».

Publisert: